Sesongoppkøyringa i gang
Forrige veke gjekk startskotet for sesongoppkøyringa her i Førde. Spelarane er tilbake på plass etter ferien og klare for ein ny og spennande sesong. Fokuset denne veka har vore å kome gradvis i gang, både med ball og på treningssenteret, og ikkje minst sosialt, sidan vi har ei til dels ny spelargruppe.
I løpet av veka har spelarane vore gjennom ulike testar, fått utvikla treningsprogram, prøvd ut det nye golvet i Førdehuset, vore til fjells og vore med på historias første FVBK-dag. På sistnemnte har coach Tvinde verkeleg vore i det kreative hjørnet, og spelarane måtte gjennom mellom anna trappeløp, quiz, crocket, sandvolleyball, hinderløpe og elvebading. Alt med stoppeklokka til Tvinde i full fyr.
Etter ei svært vellukka opningsveke ser spelarane no fram til ei god sesongoppløyring før sesongen blir slått i gang i oktober. Vil du følgje oss på vegen anbefalar vi deg å følgje oss på både Instagram og Facebook, så går du ikkje glipp av noko.