Bli med på cupfinaletur til Oslo
Oppdatert info om transport/betaling
No blir det to bussar som går frå Firda billag fredag kl 1130. Totalt ca 90 personar som har meldt seg på her. I tillegg kjører regionslaga en egen buss som går torsdag ettermiddag.
Betaling: billettar, transport og overnatting skal betalast til Førde VBK. Vi har fått låne med en kortterminal frå Sparebanken Sogn og Fjordane, ber alle gjere opp med kort. Dei som er med på bussen kan betale her. Billettar kan og betalast og hentast i hallen før kampstart. Vi kjem til å ha et par mann ved inngangen før kampstart på laurdag.
Informasjon om helga
Laurdag 16.januar spelar eliteherrene våre cupfinale mot NTNUI i Oslo. No har du moglegheit til å vere med på morroa, vi ordnar transport til byn, billett, di eiga cupfinale t-shirt og overnatting om du vil det. Bli med å farge Oslo blå du også!
Det er Oslo Plaza som blir cupfinalehotellet for Førdespelarane, støtteapparat og ikkje minst supportarane. Supersentralt midt i byn, og me har ordna gode prisar på overnatting. Bussane våre køyrer deg sjølvsagt frå hotellet til kampen på laurdag, og tilbake igjen etterpå.
Buss med kampbillett og t-shirt
Kr 900 (inkl kampbillett verdi kr 200).
Bussen går frå Firda Billag i Førde fredag 15.januar kl 11.30
Retur til Førde frå Oslo søndag 17.januar kl 11.00
Overnatting på Oslo Plaza
Dobbeltrom m/frukost kr 945.- pr rom pr døgn
Tremannsrom m/frukost kr 1445.- pr rom pr døgn
Enkeltrom m/frukost kr 945.- pr rom pr døgn
Vi treng nettopp deg til å vere med å farge tribuna blå, og støtte karane våre til å hente pokalen til Førde der den høyrer heime. Bli med du også!
Vil du vere med?
Send ein epost til leiar@fvbk.no, så ordnar vi resten.
Siste frist er måndag 11.januar kl 12.