Ein siger og to tap

feb 8, 2016

Det er fasiten etter at både dame- og herrelaget har vore i aksjon i helga. Damene var på Osloturné, mens herrene tok i mot Nyborg til prestisjekamp på heimebane.

Det som skulle bli ein toppkamp mellom norsk meistar og nordisk meistar enda med ei passiv førestilling der Nyborg reiste heim til Bergen med 3 poeng etter ein 0-3-siger. Første sett enda 19-25, det andre 17-25, mens Førde fekk skjerpa seg litt i tredje som til slutt enda 27-29.

Damene hadde dobbeltkamp, der Oslo volley venta laurdag, og Koll på søndag. Oslo volley vart for sterke og vann 3-0, men damene fekk ei god natts søvn og slo til slutt Koll 1-3 og fekk med det sin andre siger i sesongen. Martine Viken vart toppscorar med 15 poeng.

 

Vi hadde ikkje fortent sigeren om vi så skulle greidd å snudd det.

Mathias Loftesnes

Førde-kaptein til Firda

Vi er nøydde til å fornye oss i åra som kjem, om ikkje Førde skal gå forbi oss.

Ivar Bakken

Nyborg-trenar til Firda