Kasia gir seg som dametrenar
Har du lest Firda denne veka, har du kanskje lest om at vår kjære Kasia flyttar tilbake i Polen for ei stund, på grunn av familiære grunnar.
– Eg veit ikkje om det blir om to månadar eller to år. Men då vil vi finne oss eit hus i Førde, seier ho, som saman med familien har budd på Sande den siste tida, sa ho til Firda.
Kasia har gjort ein god jobb sida ho kom hit i 2012, og har blant anna leia Førde-spelarar til gull i NM, sølv i MVGS og vore kun to poeng i tie break frå cupfinaleplass. Erstattaren som skal fylle Kasia sin plass får ikkje ein enkel jobb – blant anna må han vere like gira og engasjert som Kasia (ho har 3 gule kort hittil i år;) og kanskje viktigast: han må la oss spele toball som oppvarming kvar trening.
Som ei trøyst fekk ho ein 3-0 seier i sin siste kamp (for no) mot Viking. Vi kjem til å savne deg Kasia, lykke til i Polen, men ikkje ver der for lenge.