Over 50 lag i aksjon i Førdehuset laurdag

jan 10, 2016

Laurdag 9.januar var det duka for ein storslagen volleyballdag i Førde. Over 50 lag skulle i aksjon, fordelt på heile spekteret frå minivolleyball, via 3., 2., 1.divisjon og til eliteserien for både damer og herrer.

1.divisjon, Førde – Austrått 3-1

Av laga på dei øvste nivåa var det karane i 1.divisjon som skulle først i elden, ført an av trenar Kenneth Jørgensen. På motsatt side stod Austrått som hadde teke turen frå Sandnes, og Kenneth oppsummerer kampen på denne måten:

Betryggende og komfortabel seier 3-1 mot Austrått på vår egen hjemmebane I Førdehuset. Ikke en topp kamp fra vår side… Med tre sett vi vinner og ett dårlig, sikrer vi seieren. Med god hjelp av tre elitespillere (Jarle, Torstein og Sverre), som trengte kamptrening foran cupfinalen neste helg, og ellers de kjente fjesene fra vårt lag, stod alle frem på positivt vis. Vi har noen perioder i kampen der vi senker presset og gjør mange feil, i mitt hode altfor mange personlige feil. Godt å vite at samtlige fikk spille, noe som er viktig for å bygge erfaringsgrunnlag før NmVGS og jr NM. No er neste mål MVGS om noen uker, og oppkjøringen til denne turneringen begynner allerede nå. Takk til elitesjef Jan Egil Tvinde for godt spill og taktiske bidrag som hjelper meg for å utvikle meg som trener. Takk kara for en flott kamp!

Eliteserie damer, Førde – Tønsberg 0-3

På damesida var det Tønsberg som hadde teke turen til Førde. Tønsbergjentene er nyopprykka i eliteserien, og ligg på ein god 4.plass i årets eliteserie med 4 seirar og 4 tap på 8 kampar. Oppgjeret mellom laga før jul enda med 3-1-siger til Tønsberg, og Førde ville gjerne revansjere dette tapet på heimebane.

Det viste seg å vere lettare sagt enn gjort, men det er nok avslutninga på kampen som vil bli hugsa best. Til Firda uttalar trenar Kasia Ciesielska at spesielt starten av kampen er for dårleg, les heile Firda sin artikkel om kampen her.

På stillinga 23-24 i tredjesett og matchball til Tønsberg, etter ei god serverekke frå Julie Tvinde, blokkar ein Tønsbergspelar ballen i det vår eigen Andrea skal legge. Førdespelarane meiner at Tønsbergspelaren er over nettet, men etter ein kort prat mellom dommarane blir poenget gitt til Tønsberg som dermed vinn kampen. I ein kommentar til Firda seier trenar Kasia at det vil bli levert protest på avgjerdsla, og at dei har bilete som kan dokumentere dette.

Eliteserie herrer, Førde Kristiansund 3-0

På herresida var Kristiansund på besøk, eit lag som står med 0 poeng etter 5 kampar og dermed ligg sist på tabellen. Frå Førde si side var dette ein god moglegheit til å få finpussa formen før cupfinalen neste helg. Kampen endar 3-0 til Førde, men Kristiansund heng godt med til tider og leia blant anna store delar av første sett før Førde fekk i gang maskineriet.

Firda har snakka med både trenar Jan Egil Tvinde og spelar Einar Øglænd Torjusen etter kampen, artikkelen finn du her.

Klubben takkar alle som bidrog (og spesielt Firda som streama begge dei to elitekampane), og alle som kom og såg på, til denne flotte volleyballdagen i Førdehuset! Bli gjerne med oss på cupfinale i Oslo neste helg.

 

Firda: «- Vi skal levere protest»

Les Firda si dekning av damekampen

Firda: «Finpussa forma før finalen»

Les Firda si dekning av herrekampen

IMG_5165 IMG_5099 IMG_5143 IMG_5148 IMG_5155 IMG_5161 IMG_5163