Strategiplanlegging Førde VBK
Måndag 29 februar og tysdag 1 mars frå kl 1700 – 2200 på Scandic sunnfjord hotell. Det vert lett servering.
Ingar Breilid og Ingrid Narum frå Idrettskrinsen vert med og leiar prosessen. Målet er å legge en ny 5 års strategiplan for Førde VBK.
Vi håpar alle frå styret, trenarar , støtteapparat og spelarar frå herre og damelaga våre og elles alle som vil vere med å planlegge framtida til klubben prioriterer å vere med desse to kveldane.
Strategiplanen og budsjett skal vedtakast på årsmøtet i klubben som vi held torsdag 14.april.
Vi har lagt tilsvarande strategiplanar to gangar tidlegare, i 2003 og 2010. Begge gangane satte vi oss høge mål og begge gangane har vi oppnådd desse måla. Det er no på tide å legge en ny plan som vi alle kan vere einige om og jobbe mot i fellesskap.
Vel møtt!