August Kalstad blir truleg på skadelista i tre månadar, etter at han fekk eit ope brot i veslefingeren på trening.

– Tidspunktet kunne ikkje ha vore så mykje dårlegare med tanke på at sesongen startar om ei og ei halv veke, seier August Kalstad.

Han var denne veka tilbake på trening med elitelaget til Førde – men det var berre som tilskodar. For den eine veslefingeren er godt pakka inn med bandasje og teip, og oppleggjaren er ikkje i stand til å brukene hendene til fingerslag.

Alt på grunn av dramaet som skjedde på trening med herrelaget rett før helga.

Kunne sjå rett på beinet

– Det var på slutten av treninga, vi hadde vel trent i om lag to timar og femten minutt. Så det var femten minutt på overtid, då eg hoppa opp i blokk – og eg så høyrde eg eit stort smell då ballen trefte fingeren min. Først trudde eg at det var ein nagl som hadde falle av, men det var det ikkje. Eg forstod på reaksjonen til lagkameratane at det var verre enn som så, fortel Kalstad.

Han held fram:

– Eg registrerte at det var ein del blod på bana, før eg såg ned på fingeren. Der stod deler av han ut til sida – eller han dingla vel. Eg kunne sjå rett på beinet. Så då var det å gå av bana, sette seg, få på bandasje og ispose, og komme seg opp på sjukehuset, fortel Kalstad.

Blir ute i fleire månadar

19-åringen hadde ope brot i veslefingeren, og på sjukehuset vart det ei stund vurdert om dei skulle operere. Det vart det ikkje noko av. I staden er fingeren støtta opp av ei skinne, godt pakka inn i bandasje og teip.

Den talentfulle oppleggjaren reknar med å vere ute av spel i fleire månadar.

– Ifølgje legen kan eg vente meg tre månadar før eg er tilbake, men eg håpar at det går ein del raskare, seier Kalstad.

Skal trene og komme sterkt tilbake

Inntil vidare har Kalstad planar om å trene godt på Puls, og han må vere kreativ med tanke på øvingar. Han er klar på at det var kjipt å bli skadd akkurat no.

– Eg føler at eg har tatt steg og blitt betre på treningane i det siste, men det er ikkje noko eg kan gjere med det no. Eg får trene godt og prøve å møte opp på ein del treningar for å vere med laget, seier han.

Kalstad fekk med seg NM-tittelen i cupfinalen mot Viking før han vart skadd. Herrelaget til Førde spelar første kamp i eliteserien laurdag 9. oktober. Då kjem Randaberg til Førdehuset.