Oskar Raftevold er tilbake i Førde etter eit kort og kaotisk proffopphald i Polonia.

– Etter seks veker med mykje kaos, er det deilig å komme heim og senke skuldrane. Det er eigentleg ganske fint, seier Raftevold.

I oktober reiste 25-åringen til Polen, der han skreiv kontrakt med IBB Polonia. Den polske proffklubben held vanlegvis til i London, der laget spelar kampane sine i den engelske ligaen.

Raftevold hadde fått ein korttidskontrakt, som betydde at han skulle spele for polakkane så lenge dei var med i europacupen.

– Det er eit litt spesielt opplegg. Om vi ryk ut av CEV-cupen, står eg fritt til å reise heim att, sa Raftevold.

Mykje rot i klubben

No – eit par månadar seinare, er Polonia ute av europacupen. Raftevold har komme tilbake til Førde, og han er fleire erfaringar rikare.

– Heile opplegget var litt merkeleg. Klubben var lite profesjonell, og det var mykje rot. Det er meir profesjonelt i Førde, seier den hardtslåande nordfjordingen.

Han kom til klubben for å vere midtspelar – ein heilt annan posisjon enn det han har vore van med som kant og diagonal i Noreg. Og mot topplaget Skra Belchatow vart han kasta inn på laget. Det var ein pangstart.

Deretter følgde fleire treningskampar fram mot den første europacupkampen, som skulle vere mot nederlandske Orion Doetinchem.

Rauk ut av e-cupen

Etterkvart viste det seg at klubben ikkje fekk dei tre søramerikanske spelarane sine inn i England på grunn av Brexit. Dei fekk eller ikkje spele kampen i Polen. Dermed vann nederlendarane den første kampen på walkover. I returkampen vann Orion Doetinchem 3-2, og då var det snipp, snapp, snute for eventyret i Europa.

– Det var fort gjort, konstaterer Raftevold, som likevel er glad han fekk prøve seg mot spelarar på høgt europeisk nivå. Han synest og Polonia heldt eit sportsleg godt nivå.

– Spelarane var veldig gode. Men vi var for få, slik at vi aldri fekk matcha oss på trening. Vi fekk ikkje spelt inn laget. Eg opplevde ein ny kultur, der lagbygging ikkje var så viktig. I tillegg var det ingen analyse av motstandaren før to dagar før dei viktige kampane – sjølv om vi hadde ein heil månad på oss.

Klar mot erkerivalen

Allereie laurdag er Raftevold klar for innsats for Førde igjen. Då ventar erkerivalane i TIF Viking, og til alt overmål blir kampen spelt i Førdehuset. Dessverre blir det ikkje publikum på tribunane, men Raftevold er klar på at heimelaget skal bite godt frå seg.

– Det passar perfekt å komme tilbake no. Eg gler meg veldig til å møte Viking. Gutane har levert bra medan eg har vore borte, så vi skal gje dei skikkeleg kamp, seier han.

Det er ikkje mogleg å vere publikum i Førdehuset på laurdag, men TV2 Play viser både dame- og herrelaget sine kampar i eliteserien. Damekampen mot Viking går klokka 13.30, medan herrane spelar sin kamp klokka 16.00.