Førde sin eminente oppleggar er teken ut i den norske landslagstroppen for kvinner.
– Det er veldig kjekt å bli teken ut, seier Sara Marie Langvatn Krumsvik.
Saman med resten av det norske landslaget reiser oppleggjaren neste onsdag til Maribor i Slovenia. Der skal Noreg trene og førebu seg til kampane i den første kvalikrunden til EM, som blir spelte helga 7. – 9. mai. Då står Spania, Østerrike og Hellas på motsett banehalvdel. Returkampane skal spelast helga etter, og dei to beste laga går til EM-sluttspelet i haust.
Tidlegare har Krumsvik vore teken ut bruttotroppen to gongar. No er ho for første gong aktuell for å spele kampar med flagget på brystet, men det er kamp om plassane på laget. Noreg har og med Live Sørbø (Ladies in Black Aachen) og Rebekka Aase Bahr (Koll) som oppleggarar.
– Sjansen for å få spele er der jo, men eg har nok ikkje så mykje røynsle som dei. Sånn sett er det ei stor oppleving berre å få bli med, seier Krumsvik.
Ho har spelt dei to siste sesongane for Førde, etter at ho kom til klubben frå ToppVolley Norge og Volda. På grunn av pandemien er det likevel lenge sidan ho har spelt kamp – og det gjeld dei fleste andre på landslaget.
– Vi er nok litt rustne, så vi må førebu oss så godt vi kan i Slovenia. Vi har jo uansett trent godt i heile perioden, seier Krumsvik.
PS: Også ein annan kjenning frå Førde Volleyballklubb er teken ut på landslaget til EM-kvaliken. Det er Karoline Fauske, som no spelar for Koll.
Les og: Her kan du sjå heile uttaket på volleyballforbundet si nettside.