For Mads Vassdal (21) og Selma Vassdal (15) inneber kvartfinalane i NM dobbel spenning. Og det blir dobbelt så kjekt om både herre- og damelaget går til semifinale.

– Kampen på søndag blir spennande, som alle kampar. Men ekstra moro blir det om både eg og Selma kjem oss vidare, seier Mads Vassdal.

Han er midtspelar på Førde sitt herrelag, som søndag møter NTNUI i kvartfinalen i NM. Men han er og bror til Selma Vassdal, som er midtspelar på damelaget. Dei møter TIF Viking, og begge kampane blir spelte i Førdehuset.

– Sjølv om vi tapte for Viking i førre serierunde, så skal vi vise oss frå ei betre side i helga, seier Selma.

Heile familien er involvert i volleyball

Arv og gen – eller kultur og miljø? Det er ikkje godt å seie. Men dei to søskena har trakka rundt i idrettshallar så lenge dei kan hugse. For med langt over snittet volleyballinteresserte foreldre, var det nok lite tvil om kva idrett ungane skulle satse på.

Både mamma Sølvi Søgnen og pappa Ole Morten Vassdal har nemleg spelt volleyball på høgt nivå. Dei har begge vore trenarar og er ofte å sjå i idrettshallar rundt omkring – og Ole Morten er assistenttrenar for Førde sitt elitelag for damer.

– Dei møttest faktisk gjennom volleyballen. Så det har blitt mykje tid rundt og på volleyballbana, understrekar Mads.

– Eg har vore i ulike idrettshallar så lenge eg kan hugse, legg Selma til.

MIDTSPELAR: Selma Vassdal (nr. 17) jublar for poeng saman med spelarane på elitelaget. Foto: Andreas Kristoffer Berge, kvinneidrett.no

– Kan ha vore frivillig tvang:)

Sjølv har dei alltid vore opptekne med volleyball. Og sjølv om Mads er seks år eldre enn Selma, har det definitivt sine fordelar at dei driv med den same idretten.

– Det å vere søsken som begge driv med volleyball, er både krevande og gøy. Diskusjonane om volleyball kan vare i timesvis. Og det er alltid kjekt å ha nokon å spele med i feriane, meiner Selma.

Storebror er samd:

– Mamma har sagt at det er bra at vi alle valde samme idrett, sjølv om det muligens var frivillig tvang, seier Mads med glimt i auget.

SLEPPTE TIL: Mads Vassdal fekk sine første kampar for elitelaget i fjor. Her hamrar han inn eit poeng på eit opplegg frå Vitor Macedo.

Håpar å komme seg heilt til finalen

Både Mads og Selma Vassdal debuterte i eliteserien sist sesong. Begge er høge av vekst og i ferd med å etablere seg som giftige midtspelarar på kvart sitt Førde-lag i år.

Og ikkje nok med det. Mads var med og vann NM-gull med herrelaget i cupfinalen tidlegare i haust. Selma har fleire gongar vore teken ut på aldersbestemte landslag.

No håpar dei på avansement i cupen. Med siger på laurdag, ventar semifinalar i neste runde.

– Eg håpar sjølvsagt at vi vinn, og at vi kjem oss heilt til finalen, seier Mads Vassdal.