Vi feirar at samfunnet opnar og inviterer til GRATIS volleyballskule tre dagar i vinterferien!

Ja, du las rett: No har du sjansen til å trene volleyball saman med erfarne spelarar i ein av dei beste volleyballklubbane i landet – heilt gratis. Meld deg på!

  • Dato: Måndag til onsdag 21. – 23. februar 2022
  • Tid: Frå klokka 10.00 til 15.00
  • Stad: Førdehuset, hall 1
  • Påmeldingsfrist: Onsdag 16. februar
  • Målgruppe: Gutar og jenter frå og med 4. klasse til og med 10. klasse.

Aktivitetane i volleyballskulen blir organisert av erfarne spelarar og trenarar i elitestallen til Førde Volleyballklubb. Du kan melde deg på for éin eller fleire dagar. Vi lagar grupper ut frå nivå og tal påmelde. Ta med eiga matpakke og drikkeflaske.

Her er du velkommen, uansett om du har spelt volleyball før eller ikkje.

 

 

Meld deg på innan 16. februar her!