Nokon brukar meir tid på idretten sin enn andre. For Cornelius Hilde Eikeland går heile kvelden med når han skal på trening.

– Eg køyrer om lag 16 mil kvar gong eg skal på trening. Det er åtte mil kvar veg, seier 19-åringen.

Cornelius Hilde Eikeland er midtspelar på Førde sitt eliteserielag, men bur og jobbar i Svelgen. Det betyr at han må pendle til Førde for å kunne satse på volleyball – og det gjer han nesten kvar einaste dag. I all slags vêr og under alle føreforhold.

– Eg prøver å komme på trening så ofte eg kan. Men det er ikkje absolutt alle dagar eg orkar. Det er jo mykje styr, seier Hilde.

Trivst veldig godt med lagkameratane

Nordfjordingen byrja tidleg å spele volleyball for Svelgen. Etter å ha gått gradene i moderklubben, vart han henta til Førde der han debuterte på elitelaget i sesongen 2018-2019. No er han ein etablert spelar på laget, men det viste seg å bli ei utfordring å kombinere volleyballen med skulegang.

For Eikeland fann ikkje ikkje nokon god lærlingplass i Førde, og valde til slutt å byrje som lærling ved Elkem Bremanger. Difor må han pendle. Og det må han halde fram med heile denne sesongen, fram til han byrjar på skule i Førde til hausten – og det er han motivert for.

– Eg trivst veldig godt med å spele volleyball, og iallfall med det laget vi har no. Det er kjekt å trene og spele med denne gjengen. Og eg vil gjerne utvikle meg vidare, seier Eikeland.

LANGT Å KØYRE: Dette er pendlarruta til Cornelius Hilde Eikeland.

Toppar statistikkane på serve og blokk

Svelgaren spelte framleis for Svelgen, då han debuterte for juniorlandslaget i NEVZA U17-turneringa i Danmark. Det enda med norsk gull. Seinare har han og spelt for U19-landslaget. Draumen er å spele med det norske flagget på brystet også i seniorsamanheng.

– Det hadde vore kjekt å komme med på det norske seniorlandslaget. Eg håpar å få trent meir neste sesong og utvikle meg meir, seier han.

Denne sesongen har han fått godt med speletid i den blå Førde-drakta. Han vil aller helst spele diagonal, men har vore mest midtspelar i år. Det har paradoksalt nok sendt han opp blant dei fem beste spelarane på statistikkane over beste servar og beste blokkar i eliteserien.

– Det er jo kjekt å sjå. Det gir meg motivasjon til å jobbe vidare. Og det er spesielt artig at eg gjer det godt på serve, for det har eg aldri fått så bra til før, seier Eikeland.

Fleire svelgarar på damelaget

Laurdag ventar ein tøff heimekamp mot Koll i Førdehuset. Oslo-laget toppar Mizunoligaen, medan Førde er på fjerdeplass. Eikeland trur på ein tøff batalje.

– Vi møter eit veldig bra lag, så det blir ein tøff kamp. Men eg er sikker på at om vi spelar godt, så kan vi gi dei god motstand, seier han.

Også Førde sitt damelag spelar heimekamp i eliteserien på laurdag. Dei møter Oslo Volley. Også på damesida har Førde nytt godt av det gode miljøet i Svelgen, då både Sanna Midtbø og Jenny Sørgulen kjem frå Svelgen Turn og Idrettsforening. Cornelius Hilde Eikeland meiner det viser at det blir jobba svært godt i moderklubben.

– Eg har Svelgen-miljøet å takke for at eg er der eg er. Dei har gode trenarar og utvikla meg frå botnen av. Volleyball-miljøet i Svelgen er godt, seier han.

Eikeland sat i bilen på veg til trening – med telefonen på handsfree – då dette intervjuet vart gjort. Denne dagen reiste han heimefrå etter jobb, og var ikkje heime igjen før i 22-tida på kvelden.

NM-GULL: Cornelius Hilde Eikeland i aksjon under cupfinalen, der Førde tok NM-gullet sist haust.