Det er ikkje kvar dag Førde har to debutantar på kvinnelandslaget. No skal Marte Solheim Gundersen og Jenny Fløystad Juliebø bryne seg på internasjonal motstand i EM-kvalik for Norge.

Vi møter nasjonar som er betre ranka enn oss, så det blir kjekt å sjå kor nivået ligg og korleis vi taklar det, seier Marte Solheim Gundersen.

Saman med Førde-kollega Jenny Fløystad Juliebø vart ho tidlegare i år tatt ut på seniorlandslaget for aller første gong.

– Det var uventa, men veldig kjekt å bli tatt ut. Det har alltid vore ein draum sidan eg var lita, så det å få moglegheit til å vere med på seniorlandslaget betyr ein del for meg, seier Gundersen.

– Å bli ringt opp av landslaget var uventa, men utruleg kjekt. Og det var flaks at eg berre skal jobbe og spele volleyball i år, for då kan eg leggje mykje tid og energi i oppkøyringa til EM, seier Juliebø.

Fire involverte med bakgrunn frå Førde

Juliebø har to sesongar bak seg i Førde etter at ho kom frå Volda, medan Gundersen er frå Viksdalen og har spelt for Førde dei siste sju sesongane. Dei kjenner kvarandre med andre ord godt. Og det er inga ulempe å vere to debutantar frå same klubb.

– Det er trygt å ha nokon på laget som du kjenner frå før, både personleg og på bana. Der kan vi støtte kvarandre, men og pushe kvarandre til å bli betre, seier Gundersen.

I tillegg er også tidlegare Førde-spelar Karoline Fauske med i troppen. Og assistenttrenar for landslaget er ingen ringare enn tidlegare Førde-trenar Vitor Macedo.

– Det er veldig kjekt å vere fleire frå Førde. Vi kjenner hverandre godt fra før og har masse erfaring i å spele side om side, seier Juliebø.

Marte Solheim Gundersen og Jenny Fløystad Juliebø i kamp for Førde Volleyballklubb. Foto: Anders Kristoffer Berge, kvinneidrett.no.

Gler seg til å prøve seg internasjonalt

Dei siste vekene har duoen vore på samling med landslaget, og snart skal dei ut i EM-kvalifisering mot Bosnia-Hercegovina, Hellas og Sveits. Første kampen er borte mot Sveits kommande onsdag, og deretter går det slag i slag med heime- og bortekampar.

– Det blir utruleg lærerikt å få møte andre nasjonar og sjå kva nivå som er der ute. Vi er eit ungt lag med masse motivasjon, og vi skal jobbe godt som gruppe for å prestere best mogleg. Det er dessutan bra for utviklinga mi at eg får prøve meg internasjonalt, seier Juliebø.

Sist sesong var sunnmøringen kaptein for Førde. Ho har tru på ein god sesong også for klubblaget.

– Vi er ein god gjeng som har bestemt oss for å leggje ned jobben for å få Førde Volleyballklubb så langt som mogleg i år. Vi har og forsterkningar på veg inn i stallen. Så målet for sesongen vil vere å ha det kjekt og verkeleg gje god motstand mot dei tre beste laga, seier Juliebø.

PS: Du kan sjå Norge sine kampar på eurovolley.tv. Du kan også følgje med på korleis det går her.