Førde Volleyballklubb er svært godt representert i EM-kvaliken for herrar. Nokre av dei brukar heile sommarferien – utan betaling – for å kunne sende Norge til EM!
– Vi er samla i seks veker, så heile ferien går med for meg. I tillegg jobbar eg femti prosent dei siste vekene, så det er travelt – men slik måtte det bli, seier Øystein Løken Bergum.
Han har dei siste tre vekene vore på samling med det norske landslaget i volleyball. Dei neste tre vekene skal Norge spele EM-kvalifisering mot Kroatia, Kypros og Hellas i Volda.
Bergum er frå Førde, og han er i godt selskap. Heile åtte av dei involverte på landslaget har ein eller annan kopling til Førde Volleyballklubb (frå venstre på biletet):
- Bjarne Nikolai Huus, kant (frå Førde + har spelt for Førde)
- Martin Olimstad, kant (har spelt for Førde)
- Øystein Løken Bergum, libero (frå Førde + har spelt for Førde)
- Jobjørn Røkenes Myren, midt (spelar for Førde)
- Bendik Gabriel Huus, assistenttrenar (frå Førde + har spelt for Førde)
- Jonas Kvalen, kant/dia (har spelt for Førde)
- Eivind Hettervik, oppleggar (spelar for Førde)
- Kristian Kjøllesdal, libero/kant (frå Førde + har spelt for Førde)
– Vi er ein god Førde-gjeng, og slik håpar eg at det skal vere lenge. Det er moro at vi har noko felles og kan mimre om tida i klubben. Eg tenkjer og at det er viktig for klubben å vere godt representert, seier Bergum.
Betre enn nokon gong
Førdianaren spelte for moderklubben fram til for tre år sidan. Dei siste tre sesongane har han vore ein sentral brikke på Koll, og han har etablert seg som eit trygt førsteval som libero også på landslaget.
Han debuterte med flagget på brystet heilt tilbake i 2015. No meiner han at Norge er på eit historisk høgt nivå, og at det kan vere mogleg å få herrelaget med til EM.
– Dei beste spelarane vore er betre enn nokon gong. Mange av dei spelar i gode ligaer på høgt nivå, og vi har fleire proffar enn før. Samstundes har vi unge og svoltne spelarar, så eg synest miksen er veldig god, seier Bergum.
Kan slå alle laga i pulja
Norge har spelt tre kampar mot Latvia i oppkøyringa mot EM-kvaliken. Dei to første enda med tap, men så vart det siger i den siste. Og Bergum meiner laget har utvikla seg mykje i løpet av samlinga.
– Vi er nok ikkje favorittar til å gå vidare. Men spelar vi slik vi kan, så kan vi slå alle laga i pulja. I motsett fall kan det og bli tøft. Så vi skal gje alt, seier Bergum.
Han håpar folk tar turen til Volda frå Førde.
– Det er sjeldan å sjå volleyball på så høgt nivå i Norge, så dette trur eg blir spennande og kjekt. Og det er jo ikkje så langt – så vi håpar på støtte frå Førde-folk, seier Bergum.
- Les volleyball.no: EM-kvalifiseringen nærmer seg!
Slik blir EM-kvaliken i Volda
Slik spelar Norge heimekampane sine i Volda:
- 3. august kl. 18.00: Norge – Hellas
- 14. august kl. 16.00: Norge – Kroatia
- 17. august kl. 18.00: Norge – Kypros
Slik omtalar Norges Volleyballforbund sine nettsider sjansane til avansement: «Treningskampene i Latvia var utrolig viktige for laget. Der fikk vi kjent på det å spille kamp sammen, og møte tøffere motstand. Nivået vårt økte stort etter første kamp. Derfor tror vi at dette blir året vi kvalifiserer oss til EM».
PS: Førde Volleyballklubb håpar på stor interesse for kampane, og at det kan bli mogleg å arrangere felles busstur til Volda søndag 14. august.