Markus Mol er klar for Førde. No vil han til cupfinalen, slik broren Anders klarte med klubben i 2020.
Spontan overgang
20-åringen er veslebror til Anders Mol, kjend som verdas kanskje aller beste sandvolleyballspelar. Også Markus Mol satsar først og fremst på sandvolleyball.
– Det er lenge sidan eg har spelt innandørs. Men sesongen for sandvolleyball var over for meg i november, så då kunne eg spele litt for Førde, forklarer han.
Sjølve overgangen skjedde nokså spontant.
– Eg har hatt litt kontakt med nokre av spelarane på laget om å kanskje spele litt for klubben. Så då sjansen kom, kasta eg meg rundt og reiste til Førde.
Klar for semifinale
Mol har allereie spelt sin første seriekamp for Førde. Debuten kom heime mot Koll sist helg. Laurdag er han klar for semifinale i cupen mot NTNUI i Trondheim.
Der er målet å gjere som storebror Anders: Vinne kampen og gå vidare til cupfinalen.
Han kjenner seg godt tatt imot av klubben.
– Alle har vore veldig hyggelege og hjelpsame. Treningsmoralen her er veldig bra og profesjonell. Og eg kom fort inn i gruppa, seier Mol.
Tilbake i sanden i februar
Den 196 centimeter høge kantspelaren har sterk tilknyting til Sunnfjord. Mamma Merita og halve slekta er frå Naustdal, og såleis synest han det er stas å spele for eit lag frå Sunnfjord.
Planen er å satse for fullt på volleyball framover. Og han har ambisjonane i orden.
– No er det å spele med Førde og forhåpentlegvis spele ein cupfinale. Og så byrjar sandvolleyballsesongen allereie i februar. Så då skal eg førebu meg til den, og etterkvart er målet å etablere meg i verdsserien, seier Markus Mol.
Foto øvst i saka: Einar Juliebø.