Det er lenge mellom kvar gong ein 15-åring debuterer i eliteserien for herrelaget til Førde. Mikal Kalstad er nok den aller yngste debutanten nokosinne.
FØRDE – ASKER 3-0 (25-16, 25-18, 25-16)
– Det var kjempegøy. Eg var litt nervøs, men det gjekk fint, seier Mikal Kalstad.
15-åringen har nettopp blitt løfta på ein diger gullstol av lagkameratane etter debuten. Og det er ikkje så rart:
Først kom Kalstad på bana for å serve i det andre settet. Han klinte til som om han ikkje hadde gjort noko anna. Og i det tredje settet gjorde han det same – med fire servar på rad. Han vart verande på bana, og nokre ballvekslingar seinare var han framme ved nettet og slo inn sitt første poeng i eliteserien.
– Eg tenkte før kampen at eg kanskje kom til å komme inn og serve litt. Så det var ekstra moro å få spele litt meir, seier Kalstad.
Imponerte stort
Det var stor stemning i laget då kantspelaren kom på bana. Og det var den rette kampen å debutere i, då heimelaget hadde god kontroll på Asker. Kalstad vart heia fram av lagkameratane og folk på tribunen.
– Det er ein fin gjeng, der alle er kjempegreie og heiar. Då er det ekstra moro, seier han.
– Mikal held heilt klart eit høgt nivå i høve alderen sin. Han er ikkje utvaksen fysisk, men tilsynelatande utvaksen teknisk og i skallen, seier Kristian Kjøllesdal (29).
Han er langt meir rutinert enn den ferske lagkameraten, og let seg imponere over det han fekk sjå i Førdehuset.
– Han kan få meir trøkk i spelet og vekse nokre centimeter, så kan det bli skikkeleg bra, seier Kjøllesdal.
Debuterte som libero
Kalstad var ikkje åleine om å debutere i eliteserien. Nikolai Storøy er nokre år eldre, og fekk godt med speletid som libero.
– Eg fekk spele overraskande mykje. Det var moro, seier Storøy.
– Det var fint å få komme inn på eit lag med så godt samhald. Eg kjenner alle saman, og dei er flinke til å støtte kvarandre – så det var ikkje skummelt å komme innpå, seier han.
Éin kamp – så sluttspel
Dei to debutantane fekk med seg ein grei 3-0-siger. Asker var med på notene i starten av kvart sett, men så festa heimelaget grepet og tok alle setta med klar margin.
Det passa godt å få ny sjølvtillit fram mot den siste kampen mot NTNUI neste helg. Deretter ventar sluttspelet, der det førebels ikkje er klart kven Førde skal møte i kvartfinalen.
– Vi jobbar med å minimalisere unødvendige feil, for dei har vi hatt altfor mange av i det siste. Vi har tapt eit tosifra tal poeng på elementære feil dei siste kampane, seier Kjøllesdal.
Han peikar på at Førde er eit ungt lag, der prestasjonane kan svinge. Men kampen mot Asker viser at herrane er på rett veg.
– Vi kan prestere bra i sluttspelet. Vi må berre halde energien oppe og spele på vårt beste. Då meiner eg at vi er heilt på høgde med dei beste, seier Kjøllesdal.
PS: Etter alt å dømme er Mikal Kalstad den aller yngste herrespelaren til å debutere for Førde i eliteserien. Vi har ikkje greidd å finne nokon som har vore yngre.