Berre to spelarar er borte frå fjoråret, og laget har fått solide tilvekstar. Det gjer at damelaget har grunn til optimisme framfor seriestart. 

– Vi har vore utruleg heldige og fått behalde grunnmuren av laget frå i fjor. Vi leverte ein god sesong, og med årets tilskot har eg absolutt tru på at vi kan krige i toppen av tabellen, seier Jenny Juliebø.

Ho er kaptein på Førde sitt elitelag for kvinner, som vart vart nummer fem i Mizunoligaen sist sesong. Rett var det eit godt stykke opp til medaljevinnarane Tromsø, Koll og Randaberg, men det er fullt mogleg å nærme seg dei beste den kommande sesongen.

– Det seier mykje om kor bra og ambisiøs klubben er, når nesten alle bestemmer seg for å spele ein sesong til, seier Juliebø.

Har fått solide forsterkingar

Berre to spelarar er borte frå fjorårets spelarstall. Det betyr at damene kan byggje vidare på arbeidet som vart lagt ned i fjor. I tillegg er elitelaget forsterka med Irina Djuric (19) frå Serbia. Etter å ha trent med Rossvoll dei siste fire åra, har ho komme til Førde for å studere og spele volleyball.

Dessutan har Charlotte Renee Hansen (27) komme inn med erfaring frå mellom anna TIF Viking og andre klubbar. Ho er eit viktig tilskot i den unge troppen.

– Alle dei nye spelarane er viktige, for vi må ha breidde i spelargruppa når vi no skal gjennomføre ein sesong med to lag i landsdekkande seriar på damesida, seier trenar Jan Egil Tvinde.

Laga blir å rekne med

Førde skal for første gong stille med lag på damesida både i eliteserien og førstedivisjon. Det er derfor henta inn fleire forsterkingar i tillegg til dei nemnde, både unge og vaksne lokale spelarar. Ungdommane Oline Tefre Hoff (16), Anna Iversen (17) og Tilde Magritt Øen (16) blir såleis viktige brikker på førstedivisjonslaget, i tillegg til erfarne Martine Viken (27) – som og kan bli aktuell for elitelaget.

– Vi har mange spelarar på elite- og førstedivisjonslaga våre, og dei fleste var med også sist sesong, så vi ser lyst på dette, seier Tvinde.

Han understrekar at klubben har utvikling av individuelle ferdigheiter og lagprestasjonar som hovudfokus. Draumen er å skape eit lag der samhandlinga fungerer godt i alle fasar.

– Lukkast vi med det, blir laga våre å rekne med både i førstedivisjon og Mizunoligaen. Eg trur vi er på veg inn i ein kjekk sesong, seier trenaren.

Kapteinen trur på god sesong

Tvinde har med seg Espen Arefjord som assistenttrenar. I tillegg har han fått med seg Martin Olimstad, så også på den fronten er laget forsterka frå fjoråret.

Totalen gjer at også spelarane har tru på ein god sesong.

– Det er veldig kjekt å sjå at så mange blir i Førde for å satse volleyball. Eg trur det er med på å gje oss eit ekstra dytt for å prestere, seier kaptein Jenny Juliebø.

PS: Laurdag er det seriestart i Mizunoligaen. Både dame- og herrelaget til Førde har heimekamp mot NTNUI, og kampane blir spelte i Halbrendhallen.