Om du er medlem frå før eller ikkje – no kan du sjølv melde deg inn i klubben. Bli med på vinnarlaget du og!

Det er tid for å registrere seg i Førde Volleyballklubb for sesongen 2022-2023, og nytt av året er at vi ønsker at så mange som mogleg gjer dette sjølv. Derfor har vi laga ei digital innmeldingsside som gjer det enkelt å melde seg inn og samtidig betale både medlemskontingent og treningsavgift – alt i ein operasjon!

No skal både aktive spelarar og alle som vil vere med som støttemedlem registrere seg sjølv. Og om du ikkje er aktiv spelar sjølv, håpar vi at du eller nokon andre i familien vil vere støttemedlemmer. Vi har plass til mange!

  • Du kan vere betalande støttemedlem og på den måten vere med på vinnarlaget vårt:)
  • Du kan hjelpe til på treningar og turneringar, vere sjåførar på bortekampar eller heiagjeng, balltrillarar eller riggegjeng på heimekampar.
  • Du kan engasjere deg meir som trenar, hjelpetrenar eller oppmann.
  • Eller kanskje du har lyst til å vere med i arbeidet i kulissane utanfor bana?

Uansett kva du har lyst til: Meld deg inn og bli med! Slik gjer du det:

  1. Er du brukar av Min Idrett, kan du melde inn og betale for deg sjølv og/eller barnet ditt via denne lenka.
  2. Om du ikkje er registrert i Min Idrett, kan du gjere det via denne lenka. Når det er gjort, kan du bruke lenka ovanfor og melde deg inn i Førde Volleyballklubb. Vi ønskjer at spelarane betaler ordinær medlemskontingent på kr. 100,-, og så håpar vi at foreldre, besteforeldre og andre vil vere støttemedlemmer og betale kr. 200,- i kontingent.

Vil du ha meir hjelp med registreringa, finn du fleire detaljar her: Rettleiar for innmelding i Førde Volleyballklubb

Det er og fint om du blir medlem i Facebook-gruppa Vi i Førde Volleyballklubb. Der vil vi informere om alt det spennande som skjer i klubben vår:)

Hjarteleg velkomen som medlem i FVBK!