Det blir eit yrande liv og mykje volleyball i Førdehuset denne helga.
– Endeleg kan vi vere vertskap for andre aldersbestemte lag utanfrå, seier turneringsgeneral Elisabeth Bjørvik.
Ho er mellom mange som har venta lenge på å kunne arrangere ei større turnering for unge spelarar. Og: For første gong sidan pandemien slo til, blir Førdecup i helga endeleg arrangert igjen. Totalt er 27 lag og meir enn 250 spelarar klare for turneringa.
Får spele sjølv – og sjå elitekampar
Klassene for U13 og U17 blir spelte på laurdag, og U15 blir avvikla på søndag. Laga kjem frå Ellingsøy, SK Rival, KFUM Volda, Blindheim, Giske, Svelgen, Viksdalen og Førde.
– Det blir ei kjekk helg, der spelarane får spele kampar mot nye lag. Det blir garantert god stemning, seier Bjørvik.
Laurdag kan deltakarane få med seg elitekampar i nabohallen i Førdehuset. Både damene og herrane til Førde møter NTNUI på heimebane denne dagen.
– Det er eit godt høve til å sjå volleyball på høgt nivå for dei som elles ikkje har den moglegheiten. Deltakarane kjem inn gratis på kampane, seier Bjørvik.
Det er og mogleg å sjå førstedivisjonskampen mellom Førde og Askim.
Alle må ta omsyn til smittevern
Alt ligg med andre ord til rette for ei fartsfylt og kjekk helg i Førdehuset – men det er framleis viktig at folk tar omsyn til smittevern.
Laga må ha med munnbind, og dei skal halde éin meter avstand til andre lag når dei ikkje spelar kamp.
– Vi har venta litt på tilbakemelding frå regjeringa, og no kan vi samle turneringa i éin hall i staden for å dele oss på to hallar. Vi gler oss til å ta imot alle saman, seier Bjørvik.
Oppdatert 4. januar: Elitekampen for menn mellom Førde og NTNUI er utsett på grunn av koronasmitte. Det same gjeld førstedivisjonskampen mellom Førde og Askim. Det blir dermed berre mogleg å sjå kvinnene sitt oppgjer mellom Førde og NTNUI denne gongen.