Etter at herrelaget slo gjennom i norsk toppvolleyball med siger i cupfinalen i 2007, har ingen klubbar tatt fleire NM-titlar på seniornivå enn Førde!

Ja, du las rett. Sidan 2007 er Førde Volleyballklubb den mestvinnande klubben i NM-samanheng. Heile åtte kongepokalar har blitt med heim til Førde i denne perioden. Det har blitt seks gull til herrelaget og to gull til damelaget.

Det heile byrja ein januardag i 2007. Førde hadde komme til cupfinalen, men dei færraste trudde at sunnfjordingane hadde sjans mot Tromsø. Men med ein uredd Ruben Inderøy i storslag, måtte Terje Øvergård og favorittane frå nord bite i det sure eplet. Då var det mange tårevåte auge i Domus Atletica.

– Det var utruleg stort å sjå ordføraren med tårer i auga då han kom for å gratulere, sa Arild Undheim til Firda (biletet i toppen av saka).

FESTMOTTAKING: Framsida til avisa Firda etter cuptriumfen i 2007. Eit folkehav tok imot laget då dei kom tilbake til heimbyen. Faksimile: Firda

Ein draum vart verkeleg

Sigeren var historisk. Det var første gong eit lag frå Sogn og Fjordane vann NM og sikra seg ein kongepokal. Det var stort også for ordførar Nils Gjerland.

– Det viser at også vi kan få fram noregsmeistrar. Og det er kjempereklame for området vårt, sa han.

Klubbleiar Geir Opseth sa det slik:

– No kjem vi heim til fylket med Kongepokalen, som vi har drøymt om så lenge!

Førde starta kampen med Tor Kristian Kvammen, Ruben Inderøy, Nils Numme, Torgeir Dalen, Andreas Haug, Thomas Haug og Stig Myrmel. Dessutan var Martin Berntsen, Jon Jarning, Jan Egil Tvinde, Vegard Holsen og Leif Nilsen med.

ENDELEG: Kaptein Tor Kristian Kvammen og lagkameratane jublar med kongepokalen i 2007. Vi beklagar den dårlege kvaliteten på biletet. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu, Firda

Jubel i Førdehuset og dobbeltgull i Oslo

Det var altså den første NM-tittelen, og det var den første av mange. Herrelaget følgde opp med cupgull også i 2011. Då vart finalen spelt i Førdehuset, og Ivar Bakken sitt Nyborg var motstandar.

For mange står det framleis som ei av dei største hendingane i klubben si historie. Førdehuset var smekkfullt, stemninga stod i taket, og oppgjeret mellom dei to erkerivalane vart dramatisk og spennande. Det var ei stor oppleving å bli noregsmeistrar framfor eigen supporterar på heimebane!

Seinare vann herrelaget også i 2016, før damene slo gjennom med sitt første cupgull i 2018. Deretter spelte både dame- og herrelaget seg fram til cupfinalane i 2019. Og for ei cupfinalehelg det vart! Førde tok dobbelt gull!

– Eg veit ikkje om det er nokon andre som har gjort det same tidlegare. Det er i alle fall utruleg sterkt av oss. Vi kom inn som favorittar i begge kampane, og då er det ikkje alltid lett å innfri slik vi gjer i dag, sa sportsleg leiar Jan Egil Tvinde til NRK.

DOBBELT GULL: Det legendariske biletet vart teke då både dame- og herrelaget vart cupmeistrar i 2019. Foto: Leif Røv

Den første NM-medaljen kom i 1981

Herrelaget har etter dobbelfinalen tatt NM-gull også i 2020 og 2021. Dermed står Førde Volleyballklubb med til saman åtte gull, og det er det ingen andre klubbar som kan måle seg med etter 2007. Nærast er bergensarane, der Nyborg (4) og Viking (2) har seks cupgull til saman. Koll har i den same perioden tatt fem gull på damesida.

For ordens skuld må vi leggje til at det er eit stykke opp til dei mestvinnande i den norske volleyballhistoria. NM vart første gong arrangert i 1946 for begge kjønn.

På herresida har Tromsø tatt ti NM-titlar, medan Porsgrunn står med sju og OSI har seks. For damene er Koll i ein særklasse med heile 15 cupgull, medan Jutul og Porsgrunn står med åtte kvar.

PS: Vi har sjølvsagt ikkje gløymt laget som tok Førde sin aller første NM-medalje. Det skjedde i 1981, då herrelaget spelte seg fram til bronsefinale i sluttspelet i noregscupen i Alta. Dei stod for ein liten sensasjon då dei vann 3-2 mot storfavoritten Ålesund. Det vart altså bronse den gongen, og kanskje la dei sjølve grunnlaget for den stolte NM-historia i Førde Volleyballklubb.

BRONSELAGET I 1981: Bak frå venstre: Per Ståle Grytås, Bernt Ove Hundvebakke, Johan Jakobsen, Kurt Strandos, Olav Vølstad, Einar Eikenæs og Terje Svalheim. I midten frå venstre sit Finn Ove Njøsen, Magne Hornnes, Asbjørn Vølstad og Inge Andersen (trenar og lagleiar). Aller fremst sit Torgeir Tviberg og Kenneth Hafstad. Foto: Ukjent

Biletet i toppen av saka er tatt av Rune Fossum Lillesvangstu, Firda