Denne helga møtest 54 lag i Førdehuset under årets MVGS. Elisabeth Bjørvik er ein av arrangørane, og ho ser fram til å vere vertskap for arrangementet.

− No er det hektisk innspurt for å få på plass alt, seier ho. 

Bjørvik sit i arrangementsgruppa og har ansvar for at alt av utstyr skal vere på plass der det skal. Ho meiner at Førdehuset er ein super plass å arrangere cupen på. Førdehuset har ni baner, og elles stor plass til dei som ikkje skal spele. 

Stort breiddearrangement

MVGS er eit meisterskap for vidaregåande skular. Det er gjennomført kvalifisering rundt om i Norge, der vinnarane frå kvar region har kvalifisert seg til landsfinalen i Førde. I tillegg til å sjå landsfinalen live i Førdehuset, kan du også følgje resultata i kampane på nettstaden profixio. 

I år vil det vere totalt 54 lag. Det er 16 gutelag, 14 jentelag og 24 mikslag. Det som skil dette arrangementet frå vanleg volleyball, er at det er eit breiddearrangement, altså er det for dei som spelar for gøy og dei som satsar på sporten.

− Det er også gode moglegheiter for å møte opp og sjå på kampane, seier Bjørvik.

Ho legg til at publikum vil sjå stor speleglede på eit variert nivå, og møte mange lokale i aksjon frå både Florø, Førde og Sunnfjord Folkehøgskule og United World College frå Flekke. 

Trur på innhaldsrik helg

Førde Volleyballklubb stiller med hall og overnatting som arrangør. Klubben har sett saman ulike grupper som jobbar med sosiale medium, overnatting, mat og gjennomføring av Førdehuset. Det vert også overnatting på Hafstad vidaregåande skule – samt at dei tilreisande har fått tilbod om overnatting på Sunnfjord hotell, m.m. tilpassa arrangementet. 

For overnatting og losji er svært viktig for å kunne få eit slikt arrangement til å gå rundt, då det er mange ungdomar som skal vere i Førde og i Førdehuset denne helga.

Opningsseremonien finn stad i Førdehuset kl 09:30 fredag, før puljespela tek til. Laurdagen er det 1/16-delfinalar, semifinalar og nedre sluttspel – før søndagen sine avsluttande plasseringsspel og  bronsefinalar. Finalespel er punktum på helga, og vert spelt søndag kl. 12.  

− Eg oppfordrar alle til å komme og sjå på, avsluttar Bjørvik.

Ho har tru på ei innhaldsrik volleyballhelg i Førde.  

Tekst: Jakob Vårdal Skrøppa Foto: Odin Min Eide