Korleis ligg Førde-laga an framfor cupfinalane? Kva trur dei om sjansane for ny kongepokal? Her får du svara!

Laurdag skal både dame- og herrelaget til Førde Volleyballklubb spele cupfinale i Oslo. Damelaget møter Koll, og herrane skal opp mot TIF Viking. Men kva forventningar har dei – og kva trur dei sjølv om kampane?

Her får du trenarane og kapteinane sine tankar om årets høgdepunkt:

  1. Kva kjensler har du no, berre nokre dagar før cupfinalen?
  2. Korleis ligg laget an, synest du?
  3. Kva forventingar har du til kampen?
  4. Korleis vurderer du Førde sine sjansar til å vinne?
  5. Torer du å tippe resultatet? I så fall: Tipp!

Jenny Fløystad Juliebø, kaptein på damelaget

  1. Dagane før cupfinalen er veldig nervepirrande! Vi går liksom gjennom alt i hovudet, døgnet rundt – og vi gler oss skikkeleg!
  2. Vi ligg godt an med tanke på kampplan og strategi. Når kampen kjem, er det berre opp til oss sjølv!
  3. Målet er å levere ein god kamp uansett resultat, så eg forventar at alle legg ned jobben som skal til for at vi kan prestere så godt som mogleg som lag.
  4. Sjansen til å vinne er der absolutt. Det er deilig å kunne gå inn i kampen utan forventingar og med ein følelse av å vere underdogs. Men det er ikkje nok til å vinne kampen, så alle må verkeleg ha dagen.
  5. Eg tippar resultatet blir hårreisande – uansett utfall😉😉

UNDERDOGS: Kaptein Jenny Juliebø (t.v.) meiner Førde-damene er underdogs før cupfinalen mot Koll. Men at laget likevel kan vinne. Foto: Einar Juliebø

Jan Egil Tvinde, trenar for damelaget

  1. Eg kjenner at dette er noko større enn ein kamp i Mizunoligaen. Det er mange ting som skal planleggjast på eit tidlegare tidspunkt, og vi gjer alt vi kan for å vere så klare som vi kan. Alt dette skaper ekstra trykk, og det er bra. Planlegging og gjennomføring av treningane er nøye tenkt gjennom. Vi har alle lyst å vere på vårt beste i eit par timar på laurdag.
  2. Vi har trent godt etter oppstart i 2023. Vi møter eitt av dei to beste laga i Norge, og då skal vi prestere godt om det skal bli ein bra kamp. Om vi klarer å levere volleyball i nærleiken av vårt beste nivå, så kan det skje. Servemottaket er spesielt utfordrande i damevolleyball, så der vert det viktig å prestere bra.
  3. Eg ser for meg ein tilnærma perfekt arena, så då er det opp til oss å bidra til at kampen vert underhaldande. Eg håpar vi klarer å kjempe med Koll, og at vi kan skape ein spennande finale. Det vert garantert høgt stressnivå både blant trenarar og spelarar.
  4. Koll har slege oss 3-0 to gonger denne sesongen, og vi ligg i kvar vår del av tabellen. Vår sjanse ligg i Koll sitt soleklare favorittstempel, i kombinasjon med at vi evnar å framstå som eit godt lag med gode individuelle prestasjonar. Vi reiser til «Oslobygdi» for å kjempe om kvart einaste poeng, i den klart kjekkaste volleyballkampen denne sesongen!
  5. Vil ikkje tippa.

Martin Olimstad, kaptein på herrelaget

  1. Eg er veldig spent og litt nervøs. Cupfinalen er definitivt årets høgdepunkt utanom sluttspelet i serien.
  2. Vi har trent så bra som vi kan, og både vi og Viking var heldige med å ha ein seriekamp som generalprøve før cupfinalen. Vi har hatt bra fighting på trening, og vi merkar på innsatsen på trening at det er noko spesielt som skjer til helga. Vi har slite litt med sjukdom og småskadar, men det ser ut som dei fleste er klare til helga.
  3. Eg veit og forventar at alle gir alt. Og at vi klarer å spele god og underhaldande volleyball for publikum.
  4. Spelar vi på vårt aller beste har vi moglegheiter, men Viking er eit utruleg stabilt og godt lag. Dei har mange strengar å spele på, noko som gjer at dei er vanskelege å «knekke».
  5. 3-2 til Førde eller 3-0 til Viking.

SPENT: Kaptein Martin Olimstad på herrelaget er klar for ein god og spennande kamp mot erkerival Viking.

Branislav Djuric, trenar for herrelaget

  1. Eg føler meg ansvarleg for at kvar trening er rett balansert, slik at alle spelarane er friske og raske til laurdag.
  2. Vi har trent som vanleg, og alle treningane er optimaliserte med tanke på cupfinalen.
  3. Eg forventar at vi klarer å vise fram det vi er gode på, og at vi klarer å halde oppe eit godt servemottak heilt frå starten av kampen.
  4. Sjansane er fifty-fifty.
  5. Så lenge eg har vore trenar, har eg aldri komme med førehandstips om resultat. Men vi reknar med at det blir ein «big fight»!