Førdehuset
Kvar
9. - 11. oktober
Når
10:00 - 15:00
Klokka
Har du lyst til å spele volleyball i haustferien?
Førde volleyballklubb arrangerer volleyballskule for gutar og jenter frå og med 4. til og med 10. klasse.
Treningane vert i Førdehuset kl. 10-15, måndag 09.10 til og med onsdag 11.10. Instruktørar vert spelarar frå Førde VBK sine elitelag. Vi deler inn i grupper ut frå tal påmelde. Du kan melde deg for ein eller fleire dagar.
Pris:
• Kr 200.- pr. dag.
• Prisen inkluderer matpakke.
• Betaling kontant ved oppmøte.
Påmelding:
• Send e-post til leiar@fvbk.no
• Skriv namn og fødselsår
• Påmeldingsfrist: fredag 06.10.
Vi må ha eit minimumstal deltakarar for å starte opp.
Følg med på Facebook-sida til Førde volleyballklubb.