Nesten 30 barn og unge hadde kjekke og lærerike dagar saman med Alyssa, Vitor og fleire andre elitespelarar i klubben. Vitor og Alyssa stod for planlegging og organisering av volleyballskulen. Dagane var prega av leik og moro, samlande oppvarmingsøvingar, konkurransar, teknikktrening og volleyballspel.

Mange av elitespelarane bidrog med dugnad i form av instruksjon og rettleiing. Glade barnesmil, latter og mestringsjubel tyder på at dei unge volleyball-rekruttane har hatt kjekke dagar.

Klubben rettar ei stor takk til Alyssa, Vitor og dei andre elitespelarane som hjelpte til med volleyballskulen. De gjer ein viktig rekrutteringsjobb. Så håpar vi at dei unge har kosa seg på volleyballskulen. Livet er kjekkare med volleyball.