– Det kjennest godt å få lov til å drive med det eg elskar mest, seier Branislav Djuric.

Han har nyleg signert ein ny kontrakt med Førde Volleyballklubb, som gjer han til trenar for elitelaget for herrar ut sesongen 2021-2022. No ser han fram til det som alle håpar skal bli ein normal sesong. Då skal Førde kjempe om NM-gull i cupfinalen, og han håpar laget skal vere med i toppen av eliteserien.

– Førde kjem nok til å ha eit ungt lag når vi startar opp i august. Men vi skal bite godt frå oss, seier han.

Med den solide og meritterte trenaren på plass, har Førde lagt eit godt grunnlag for suksess til hausten.

– Vi er svært godt nøgde med å ha Branislav med på laget i minst ein sesong til. Han legg ned ein stor arbeidsinnsats til det beste for fleire ulike aldersgrupper i klubben. På grunn av pandemien har dette vore litt meir utfordrande denne sesongen, men vi håpar å få brukt kompetansen hans i full breidde neste sesong, seier leiar Jan Egil Tvinde.

Han viser til at Djuric er ein uthaldande, hardtarbeidande og fagleg dyktig trenar.

– Slike sjølvgåande personar er det lett å ha i arbeid, og det er spesielt viktig i ein klubb som vert driven på rein dugnad ut over dei fulltidstilsette trenarane, seier Tvinde.

Førde Volleyballklubb jobbar no med spelarar til neste sesong både på dame- og herrelaget. Det er førebels mange brikker som ikkje er på plass eller klare. Klubben er mellom anna i dialog med aktuelle kandidatar til hovudtrenarfunksjonen på damelaget, etter at Vitor Macedo har takka ja til eit tilbod frå Tromsø.

– Vi er trygge på at det vert eit godt trenarteam også rundt dette laget kommande sesong, seier Førde-leiaren.