Førde børstar støvet av ringrevar med premieskapet fullt av serie- og NM-gull framfor semifinalen i cupen.

– Ja, vi har vel bra med rutine, humrar Frank Roger Kalstad.

Når du mister trenaren din før ein av sesongens viktigaste kampar, blir gode råd med eitt veldig dyre. Men i Førde er det mykje kompetanse i rekkene. Då hovudtrenar Branislav Djuric måtte melde forfall, tok Frank Roger Kalstad trenaransvaret saman med Jan Egil Tvinde og Arild Undheim – og her snakkar vi om ein trio med svært mykje erfaring. Karane har alle vore trenarar for elitelaget, og til saman har dei ei rekkje serie- og NM-gull i beltet.

– Det er litt av fordelen vi har i Førde. Når noko slikt skjer, har vi bra med rutine å spele på. Og vi er jo involverte frå før, seier Kalstad.

Kan gå glipp av fleire kampar

– Det har vore veldig kjekt å vere med på treningane til elite- og førstedivisjonslaget i jula og no dei første vekene i januar, seier Undheim.

  • Arild Undheim (midt på biletet) er til vanleg trenar for klubben sine lag i første- og andredivisjon. Han var trenar for elitelaget då Førde i 2007 vann sin første NM-tittel.
  • Jan Egil Tvinde (til venstre) er og tidlegare elitetrenar. No er han styreleiar, sportsleg leiar og elles mykje involvert rundt elitelaga.
  • Frank Roger Kalstad (til høgre) er kjend med spelarane som assistenttrenar for elitelaget og trenar for 1. divisjonslaget. Han har og vore hovudtrenar for elitelaget og vunne både serie og cup.

Såleis var det ikkje så vanskeleg å finne ei løysing på den uventa trenarsituasjonen, som oppstod etter at Branislav Djuric reiste heim til Serbia etter den siste seriekampen før jul. På grunn av sjukdom i familien er han framleis i heimlandet, og han er ikkje på plass når Førde møter NTNUI i den siste og avgjerande semifinalen i NM. Det kan og hende han går glipp av fleire seriekampar. I mellomtida løyser Førde situasjonen med å bruke eigne trenarkrefter. I kvardagen har og rutinerte Bjarne Nikolai Huus og kaptein Martin Olimstad teke eit ekstra ansvar for treningane.

Les også: Oskar er både spelar og sjåfør – og no håpar han på tur til finalen

– Vi meiner dette er rett prioritering slik situasjonen er no. Laget har trent godt i to veker, så vi ser fram til ein spennande og underhaldande kamp, seier Tvinde.

Kan ikkje spasere seg til cupfinalen

Førde må finne seg i å vere favorittar i semifinalen, etter at laget vann 3-0 borte i den første kampen. Kalstad understrekar likevel at Førde ikkje kan spasere seg til finale – for NTNUI er eit godt lag. Dei har gode spelarar og eit høgt toppnivå. Sigurd Festøy og Jon Arnesen er spelarar å sjå opp for.

På heimelaget har Eirik Åsmul skadeproblem med eit kne, og det er usikkert kor mykje han kan spele i helga. I bakhand har Førde ungkarane Cornelius Hilde Eikeland og Mads Vassdal, som begge kan spele midt ved behov. Så blir det opp til ein særs rutinert trio å disponere spelarane rett.

– Vi tre tidlegare elitetrenarane skal samarbeide godt om lagleiinga, seier Jan Egil Tvinde.

Les også: Slik slepper Førde unggutane til i eliteserien