Sverre Grønnevik Flåskjer (24) skal spele for Viking neste sesong. Dermed kan han komme i ein heilt uvanleg situasjon.

– Det er jo litt surrealistisk, og ikkje noko eg har tenkt på. Men eg skal uansett gjere alt eg kan for å vinne, seier Flåskjer.

Nyleg vart han klar for TIF Viking – sjølve erkerivalen til Førde. Og ettersom han i vinter spelte gamleklubben fram til cupfinalen mot nettopp Viking, og denne vart utsett til hausten på grunn av koronasituasjonen, skal han altså spele FOR Viking MOT Førde i september eller oktober.

– Slik det ser ut, blir eg på den andre sida denne gongen. Det blir heilt sikkert veldig spesielt. Eg kom til cupfinalen med Førde, men no skal eg byte side, seier den høgreiste midtspelaren.

– Eg har enno ikkje tapt ein cupfinale, og den statistikken vil eg gjerne behalde, seier han.

Les og: Avsluttar sesongen på grunn av pandemien

Dei tre største opplevingane

Sverre Grønnevik Flåskjer kom til Førde frå ToppVolley Norge framfor 2015-sesongen. I løpet av seks år har han sopa med seg tre cup- og tre seriegull med Førde. No har den nyutdanna sjukepleiaren fått seg jobb på Haukeland i Bergen, og dermed blir det og klubbskifte. Kommande sesong skal han spele for TIF Viking.

– Eg har vore lenge i Førde, så det blir veldig rart. Samstundes er eg klar for å byte beite og. No ventar ein ny start, med nytt lag, ny by og ny jobb. Det trur eg blir spennande og moro, seier Flåskjer.

Han er ikkje i tvil når vi ber han om å trekkje fram dei tre største opplevingane med Førde:

  • NM-finalen mot Viking i 2020: – Det er alltid spesielt når Førde og Viking møtest i ein cupfinale, og vi kom tilbake etter å ha lege under i siste sett.
  • Europacup-bragden mot Novator Khmelnytskyi i Ukraina: Det var ei spesiell oppleving. Berre reisemessig og det å vere der borte var heilt spesielt.
  • Alle seriemeisterskapa: – I mange tilfelle låg vi ikkje best an til å vinne, men vi spelte oss fram via kvartfinale og semifinale. Det var gode prestasjonar når vi klarte det med så mange kampar i beina.

Har tru på Førde

Sverre Grønnevik Flåskjer reiser frå Sunnfjord med varme kjensler for klubben. Då han kom, var han berre 18 år. Sidan har han etablert seg som ein av dei mest sentrale spelarane på laget.

– Førde har vore ein heilt fantastisk klubb å spele for. Eg har blitt veldig godt teken vare på frå starten, og det er folk i og rundt klubben som bryr seg veldig om at vi spelarane skal få gjere det vi aller helst vil drive med, seier sunnmøringen.

Det ligg an til ein del utskiftingar på herrelaget framfor den kommande sesongen. Alt tyder på at det blir eit ungt Førde-mannskap i eliteserien.

– Det blir spennande å følgje med på laget vidare. Eg har god tru på dei, og så er det jo rutinerte folk igjen – som Martin og Oskar. Dei veit kva det vil seie å spele for Førde, og dei blir viktige som mentorar, seier Flåskjer.

PS: Kva som skjer med cupfinalane til hausten er førebels ikkje bestemt. Flåskjer kan komme til å spele for Viking, men det er høgst usikkert. Det er noko av det forbundet må ta stilling til på eit møte som er planlagt i nær framtid.