Ein påsketur gjorde at Yujiro Indo bestemte seg for å satse med Førde.

– Eg hadde høyrt mykje bra om Førde frå fleire kjende volleyballfolk, både studie- og volleyballmessig. Så då køyrde eg opp i påska. Eg fekk sjå staden og vere med på trening. Det var eit veldig godt inntrykk, seier Yujiro Indo.

Påsketuren var nok til at han bestemte seg for å melde overgang til Førde frå Sandnes. Nyleg skreiv 2002-modellen frå Rogaland under på ein kontrakt med klubben.

– Førde har eitt av dei beste volleyballmiljøa i landet, og det har eg jo sett på resultata til klubben og. Det er dessutan gode trenarar og god oppfølging med fysioterapi og slikt, forklarer han.

Håpar å behalde han nokre år

Til hausten startar Indo på eit treårig studieløp på sjukepleien i Førde. På volleyballbana er han først og fremst aktuell som libero, då Oskar Sæther ikkje lenger skal spele for elitelaget

– Indo er eit stort liberotalent. På sikt kan han fylle rommet etter Oskar. Han er fantastisk bra i forsvar, men treng meir rettleiing og trening i mottak. Elles er han ein fin type i gjengen. Ein som skapar litt liv rundt seg. Han er ein spelar vi håpar å behalde nokre år, seier Frank Kalstad i sportsleg utval.

Han viser til at også Kristian Kjøllesdal blir libero på Førde den kommande sesongen. Han flyttar heim etter å ha spelt for Koll dei siste sesongane. Kjøllesdal er ein rutinert spelar, som også kan spele kant.

Har ein draum om å bli proff

Yujiro Indo er ikkje den som ragar høgast over nettkanten. Med 171 på centimeter på strømpelesten, er han i staden den kjappe typen. No håpar han på godt med speletid i den oransje libero-drakta – og gjerne ny inspirasjon som spelar.

– Eg hadde ein ambisjon om å reise til utlandet på college og spele volleyball, men koronaen sette ein stoppar for det. Så no gler eg meg til å byrje å spele igjen, og for Førde ventar det jo ein cupfinale i haust. Eg håpar det vil gje meg stor motivasjon. Då er kanskje neste steg å bli proff i utlandet, seier han.

Les og: Sjekk biletet – Førde utgjer «halve» landslaget!

Indo er opphaveleg frå Japan, men han har budd på Sand og vore tett på ToppVolley Norge nesten heile livet. Han har vunne NM-gull i U17, har to NM-sølv i U19 og vart teken ut på all star-laget det eine året.