Berre nokre dagar før seriestart heime i Norge, fekk Martin Olimstad eit tilbod han ikkje kunne seie nei til. No er han proff i Belgia.

– Det gjekk veldig fort. Då tilbodet om prøvespel kom, måtte eg reise på flekken. Nokre dagar seinare fekk eg tilbod om kontrakt, seier Martin Olimstad.

Planen var inntil nyleg å spele for Førde den kommande sesongen, men nyleg skreiv Olimstad under på ein kontrakt med Tectum Achel. Proffklubben spelar i den belgiske toppdivisjonen, der dei har enda midt på treet dei siste åra. Olimstad har fått eittårskontrakt med belgiarane.

Klubben hadde sett cupfinalen

Det betyr at Olimstad tar eit steg opp med tanke på det sportslege nivået samanlikna med eliteserien i Noreg. Det var og utslagsgjevande for at han valde å reise frå Førde rett før seriestart.

– Klubben fekk plutseleg behov for ein spelar til, og nokon hadde visst tipsa dei om meg. Så då fekk eg ein telefon frå presidenten deira. Han lurte på om eg kunne tenke meg å spele for dei, fortel 24-åringen.

Tectum Achel hadde sett video av cupfinalen, der Førde slo Viking for nokre veker sidan. Dei hadde og henta inn video frå nokre landskampar for Norge. No ville dei sjå sørlendingen på prøvespel.

– Eg følte ikkje at eg fekk det heilt til i starten, men på den tredje treninga klaffa det skikkeleg. Så då ville dei gje meg kontrakt, seier han.

Gir andre sjansen til å prøve seg

I den nye klubben er han førespegla å vere tredje- eller fjerdevalet som kantspelar på laget. Det passar Olimstad perfekt.

– Då har eg ikkje noko press på meg no i starten. Men basert på det eg har sett til no, så satsar eg på å få ein del speletid. Og no er målet først og fremst å få testa profflivet, og så sjå kva som skjer fram mot neste sesong, seier den tidlegare Førde-kapteinen.

– Eg har alltid hatt lyst til å prøve meg som proff, så då det rette tilbodet kom, kunne eg ikkje seie nei.

– Kva tenkjer du om at ein av dei aller viktigaste spelarane på Førde plutseleg forsvinn like før seriestart?

– Det er jo ikkje eit godt tidspunkt, men eg har vore open med klubben på at eg kanskje ville forlate Førde. Likevel er det veldig kjipt at vi akkurat hadde spelt inn laget, og så reiser eg. Men eg veit at dei kjem til å gjere det bra uansett. Det er ein gjeng der alle har høge ambisjonar, og no får fleire prøve seg. Og dei er klare for det, seier Olimstad.

Kan godt hende han kjem tilbake

Olimstad kom til Førde frå Toppvolley Norge framfor 2016-2017-sesongen. Sidan då har han gått gradene på elitelaget. Frå vere på benken, via ein sesong som libero, litt meir benkesliting – og deretter inn på laget som kantspelar. Dei siste åra har han vore ein nøkkelspelar.

Han trekkjer fram det råsterke cupgullet i haust som det kanskje største høgdepunktet med Sunnfjord-klubben. Ingen hadde forventa at Førde skulle vinne.

-Eg må få takke klubben for alle desse åra. Eg hadde gjort det igjen om eg fekk sjansen, for det har vore heilt fantastisk. Eg er stolt over å ha spelt for Førde – og du skal ikkje sjå bort frå at eg kjem tilbake ein gong. Førde er klubben min, seier Olimstad.

Martin Olimstad i drakta til Tectum Achel. Han skal ha nummer fire når sesongen startar.

Det er seriestart i MIzunoligaen kommande helg. Førde sitt damelag spelar tre kampar i Oslo, medan herrelaget opnar sesongen med heimekamp i Førdehuset mot Randaberg laurdag klokka 16:00. Førstedivisjonslaget spelar også i Førdehuset på laurdag. Dei har kamp ot Sandnes klokka 13.00.