Åtte år gammal såg August pappa vinne NM – ti år seinare skal begge til cupfinalen!
– Klart det er spesielt. I 2011 kunne vi jo ikkje vite at August skulle spele cupfinale ti år seinare, seier Frank Roger Kalstad.
Han er assistenttrenar for Førde sitt herrelag, som laurdag barkar saman med Viking i NM-finalen i Oslo. Det har gått ti år sidan var han hovudtrenar då Førde slo erkerivalen Nyborg framfor smekkfulle tribunar i Førdehuset. Kampen er legendarisk blant volleyballpublikum i Førde.
Blant tilskodarane var den då åtte år gamle sonen, som sat på tribunen saman med mamma og veslebroren sin.
– Eg hugsar at det var ein jamn kamp, og at veslebroren min sprang ut på bana og bort til pappa for å feire sigeren. Eg stod på tribunen og jubla. Då var eg veldig stolt over pappa og laget, seier August Kalstad.
Er klar for å spele finalen
Opplevinga gjorde at den unge Kalstad, som då spelte fotball, fekk lyst til å byrje med volleyball sjølv. Som sagt, så gjort. Sidan har han gått gradene i moderklubben, heilt fram til elitelaget. Allereie i fjor var oppleggjaren i troppen som spelte cupfinale, men då fekk han ikkje speletid i sjølve finalen. Det håpar han på denne gongen.
– Eg er klar, og eg har veldig lyst til å spele. Men det er opp til trenaren å ta ut det beste laget, seier 19-åringen diplomatisk.
– No har vi fått eit leggarteam som fungerer saman. August og Eivind Hettervik utfyller kvarandre og gjer kvarandre betre. Vi veit enno ikkje kven som skal starte kampen på laurdag, seier Frank Kalstad.
- Les og: Førde har henta ny oppleggar
- Les og: Blir ny libero på Førde
– Er underdogs, men alt kan skje
Sidan førre sesong har fem av spelarane på herrelaget forsvunne frå klubben. Inn har Førde henta unge, lovande spelarar. Det har med andre ord vore eit generasjonsskifte, og klubben stiller med eit ungt lag i NM-finalen mot Viking.
– Eg trur dei kan spele bra, men det kan nok variere ein del – og det må dei få lov til. Vi kjem til å bli betre og betre gjennom sesongen. Så Viking er nok store favorittar i cupfinalen, seier assistenttrenar Kalstad.
Han trekkjer fram Oskar Raftevold og Martin Olimstad som solide kontinuitetsberarar frå fjoråret. Saman med Kristian Kjøllesdal, som er tilbake i Førde etter nokre sesongar på Koll, blir dei viktige med tanke på erfaring og stabilisering.
– Vi er nok å rekne som underdogs, men det blir kjekt å spele mot Viking. Og alt kan skje i volleyball, poengterer August Kalstad.
Høgt nivå på treningane
Elitelaget har trent svært godt i vekene fram mot cupfinalen. Frank Kalstad skryter av treningsgruppa, der han meiner det er etablert ein god kultur med stort konkurranseinstinkt på trening.
– Det er ein vaksen gjeng, sjølv om dei for det meste er ungdommar. Dei trakkar verkeleg til på trening, humrar han og kikkar bort på sonen.
– Det er kjekt å vere trenar for han på elitenivå. Eg vil jo at han skal ha den same gleda med idretten, som eg hadde då eg var aktiv. Så det er kjekt at han får oppleve å cupfinalar og andre store hendingar med volleyballen, seier Kalstad.
Årets cupfinale blir spelt på Norges Idrettshøyskole laurdag 11. september klokka 15.00. Billettar får du kjøpt gjennom ticketmaster.