Daniel Klopstad og Mikal Kalstad er samde om at det kan vere litt stressande å skulle prestere på landslagssamling.
– Det er kjekt, spennande og morosamt. Samstundes er det litt stressande, for eg har lyst å prestere så bra eg kan, seier Daniel Klopstad.
Saman med Mikal Kalstad er han for tida på samling med ungdomslandslaget i Sortland i Nordland. Førde-spelarane er blant 20-22 spelarar som kjempar om ein plass i troppen til NEVZA U17 i Danmark til hausten. Der skal berre 12 spelarar vere med. Deretter ventar eit eventuelt EM i 2022.
Det er eit motiverande avbrekk frå den vanlege treningskvardagen i Førde.
– Eg synest det er kjekt å få ei litt større utfordring, seier Klopstad.
Trenar to gongar om dagen
Landslaget har vore samla sidan 22. juni, og samlinga varer fram til 2. juli.
Gutane bur på ein skule, der dei får servert god mat og får slappe av. Det kjem godt med, for det er to treningar om dagen. Før kvar økt er det møte, der trenarane går gjennom kva dei skal oppnå med treninga.
– Nivået er høgare enn heime sidan det er landslaget, så det legg vi jo merke til. Eg vil sjølv seie at vi heng godt med, men det er ikkje alltid like enkelt, seier Klopstad.
God mat og mykje plass på romma
Ungdomslandslaget for jenter er for tida på samling i Myre i Nordland. Her er Førde representert med Selma Vassdal, som debuterte for elitelaget sist vinter. Også for jentene er det NEVZA til hausten – og neste år kan det bli EM-sluttspel.
Og korleis det er å vere på samling med landslaga? Mikal Kalstad oppsummerer slik:
– Kjekt, stressande, tøft, god mat, mykje plass på romma, kjekke folk, gode treningar, gode og kjekke trenarar!