Martin Olimstad har brukt sommaren til å spele for landslaget og bli samd med Førde Volleyballklubb. Til hausten vender han tilbake til Førde frå proffopphald i Belgia.

– Eg er samd med Førde og ser veldig veldig fram til å spele og bidra for klubben igjen, seier sørlendingen.

– Vi ser svært positivt på å få tilbake Martin med endå meir erfaring enn då han reiste for eitt knapt år sidan, seier sportsleg leiar Jan Egil Tvinde i Førde Volleyballklubb.

Skal finne motivasjonen i Førde

Martin Olimstad har også tidlegare spelt for Førde. I løpet av fem sesongar fekk han med seg eitt seriegull og tre cupgull, før han hausten 2021 reiste til Belgia og satsa som proffspelar for Tectum Achel. No gler han seg til å vende tilbake.

– Det var veldig kjekt i Førde før eg reiste til Belgia. Eg hadde det bra, og eg likar miljøet i klubben. Det er godt å vite at klubben vil ha meg som person og ikkje berre som volleyballspelar, seier Olimstad.

Han har førebels ikkje sett signaturen sin på kontrakten med Førde, men han er samd med klubben om ein avtale fram til mai neste år.

– Eg konsentrerer meg eitt hundre prosent om Førde no. Eg skal finne tilbake til motivasjonen, seier 25-åringen.

Martin Olimstad (midten) i mottak for landslaget, flankert av Øystein Løken Bergum og Bjarne Nikolai Huus. Foto: Einar Juliebø

Får rolle som spelar og trenar

Motivasjonen fekk seg ein knekk då opphaldet i Belgia ikkje vart heilt slik kantspelaren hadde sett for seg. Seks spelarar la opp medan han var i klubben, og han opplevde situasjonen og manglande system som kaotisk. Tectum Achel vart nummer seks i den belgiske toppdivisjonen. No håpar han at spel for Førde skal få ny fart på karrieren. Og i gamleklubben vil han få ei viktig rolle og stort ansvar.

– Martin er ein glimrande lagspelar og mentor for dei andre spelarane på laget. Han er og svært god til å ta seg av yngre spelarar og utvikle dei, seier Jan Egil Tvinde.

Olimstad skal spele for elitelaget, men han skal og arbeide som trenar i klubben – hovudsakleg med seniorlaga for damer og for toppidrettsatsinga ved Hafstad vidaregåande skule. Han skal og vere med på å sikre eit endå betre fysisk og skadeførebyggjande treningsopplegg i samarbeid med Puls Førde, SideOut og Aktiv Fysio- og manuellterapi.

– Dette vil løfte oss vesentleg, då dette er utfordrande å få godt nok til i ein dugnadsdriven klubb på vårt nivå, seier Tvinde.

Mål: Kjempe i toppen igjen

Sjølv er Olimstad klar for rolla, samstundes som han ser stort potensial i laget.

– Spelar for spelar er det gode kvalitetar på Førde. No kjem det an på kor gode vi klarer å vere på trening. Eg har tru på at vi kan få til mykje av det vi har klart med Førde før, seier han.

Sportsleg leiar Tvinde er samd:

– Erfaringsmessig har det mykje å bety for laget å få tilbake ein så god volleyballspelar, som og er ein særs god lagspelar. Vi tenkjer at dette  vil slå svært positivt ut både på trening og i kamp, seier han.

– Saman med mange andre dyktige spelarar på laget, vil denne signeringa setje oss i stand til igjen å kjempe heilt i toppen av norsk volleyball. Det er der vi likar oss best!

Martin Olimstad spelar for tida EM-kvalifisering for Norge. Her er han klar for serve i heimekampen mot Hellas. Foto: Einar Juliebø