Jobjørn Myren har hatt ei eventyrleg utvikling sidan han byrja med volleyball. For kven skulle tru at det går an å bli landslagsspelar når du kjem frå ei lita bygd utan eige lag…!

– Vi fekk prøve volleyball på ungdomsskulen, og eg syntest det var kjekt. Og så spelte vi litt i grendahuset. Men eg hadde aldri tankar om å byrje med volleyball som idrett, seier Myren.

Det skulle du ikkje tru når du ser den høgreiste sogningen i dag. For ting har verkeleg skote fart for 20-åringen. Torsdag debuterte han for Noreg i bortekampen mot Kroatia i EM-kvalifiseringa.

– Det var veldig kjekt å få moglegheiten frå start, seier Førde-spelaren.

Spelte berre fotball i oppveksten

Jobjørn Myren kjem frå den vesle bygda Ikjefjord på sørsida av Sognefjorden, og det låg ikkje akkurat i korta at han skulle bli landslagsspelar i volleyball. Det eksisterer nemleg ikkje noko volleyballmiljø der. I staden spelte han fotball gjennom oppveksten, og det vart mykje reising til Masfjorden og på kampar rundt omkring i Hordaland.

Det heile skulle endre seg då Myren flytta til Sogndal for å gå på vidaregåande skule.

– Etter eit halvt år var det eit par Førde-gutar som drog meg med på trening. Det var Fredrik Sollid og Tarjei Ødegaard, og dei hjelpte meg å trene og viste meg kva det gjekk i. Så reiste eg saman med ein kompis på sommarleir på TVN, og etterpå tok eg kontakt med skulen. Det enda med at eg fekk lov til å byrje der. Då var det gjort, fortel Myren.

– Det var altså nokså tilfeldig at eg starta med volleyball, smiler han.

Jobjørn Røkenes Myren (midten) og lagkameratane jublar for poeng mot Hellas. Foto: Einar Juliebø

Vil prestere på landslaget

Jobjørn Myren kom til Førde frå ToppVolley Norge framfor fjorårssesongen. Som midtspelar fekk han etterkvart fekk bra med speletid, og til slutt vart han vart plukka ut i den norske troppen til EM-kvalifiseringa i sommar.

– Ting har gått raskt etter at eg byrja med volleyball for tre og eit halvt år sidan. No er målet mitt å etablere meg og prestere på høgt nivå, seier den ferske landslagsspelaren.

Gjennom heile fjorårssesongen hadde Myren jobb som miljøarbeidar på Sand, og han måtte derfor pendle til Førde for å spele kampar. No har han derimot flytta til Førde, der han skal ta ein bachelor i informasjonsteknologi og satse på volleyball.

Han har tru på ein god sesong i Førdehuset, men aller først ventar viktige kampar med flagget på brystet.

– Eg har ikkje spelt volleyball like lenge som dei andre, men det er ei dårleg unnskuldning. For eg har alltid drive med ball, er to meter høg og har lange armar. Så eg vil vere med og setje standarden og prestere like bra som dei andre, seier Myren.

Jobjørn Røkenes Myren i angrep for Førde sitt elitelag mot OSI.

Takknemleg for volleyballen

Bortekampen mot Kroatia enda med 0-3-tap for Norge, og laget står no med tre strake tap i dei første kampane i EM-kvalifiseringa. Marginane har gått feil veg, i tillegg til at laget har slite med skader på nøkkelspelarar. Men det kjem fleire sjansar. Søndag ventar Kroatia på heimebane i Volda, og tre dagar seinare er det heimekamp mot Kypros.

– Vi har framleis trua på det vi gjer, og det er ei samstemd gruppe. Så vi skal gje alt vi har i dei kommande heimekampane, seier Myren.

Det er første gongen ikjefjordingen har vore på utanlandsreise med idretten sin. Han stortrivst med å vere på tur som lag, der alt handlar om å prestere mot eit felles mål. Den siste veka har Norge vore på Kypros og i Kroatia. Så det er kanskje ikkje så rart at han er takknemleg for å ha komme inn i volleyballen – seint, men godt.

– Det er veldig kjekt på alle måtar. Og eg har fått møte mykje folk eg elles ikkje ville ha møtt, seier Myren.