Både trenaren og kapteinen meiner Førde kan hevde seg mot alle dei andre laga i Mizunoligaen denne sesongen. – Men andre må vere favorittar til seriegullet, seier Martin Olimstad.
– For å klare å kjempe om seriegull treng vi stabilitet gjennom ein heil sesong. Det er sjølvsagt mogleg i år også, men i mine auge er vi ikkje favorittar, seier kapteinen.
Han legg til:
– Det bør være mogleg å klare å ta ein eller annan medalje. Men vi må utvikle oss på kvar trening framover, dersom vi skal ha sjans til å kjempe om noko denne sesongen. Det kan vi få til!
Mange nye ansikt på bana
Laurdag er det seriestart mot NTNUI. Og det er eit herrelag med store utskiftingar frå fjoråret. Sjå berre her:
- Desse har reist frå klubben: Mads Vassdal (til TIF Viking), Simon Klopstad (NTNUI), Eirik Molland (Laval Volley i Canada) og Edvard Rørtveit Adolfsen (Camosun Chargers i Canada) har alle funne seg nye klubbar, medan Yujiro Indo og August Kalstad har trappa ned.
- Desse er nye tilskot: Martin Olimstad (frå Tectum Achel), Kacper Wasilewski (Polonia London) og Haakon Spilling (SK Rival) – i tillegg til rekruttering frå eigne rekkjer. Utover i sesongen kjem også Oskar Raftevold vere tilbake etter skadeavbrekket.
– Vi har eit nesten heilt nytt lag denne sesongen. Men ambisjonane er store. Vi går på bana for å vinne alle i kampar, seier trenar Branislav Djuric.
Kan spele jamnt mot alle
Førde-stallen består av mange unge spelarar og nokre få med meir erfaring. Olimstad er sjølv tilbake i laget etter eit proffopphald i utlandet, og får ei viktig rolle som ein av dei mest rutinerte. Han meiner det går framover med laget, men at det er ein veg å gå før den naudsynte stabiliteten er på plass.
– Akkurat no er det lågaste nivået vårt for lågt – og det same gjeld toppnivået. Eg håpar at dette blir betre etterkvart. Vi må likevel berre halde fram og utnytte kvar trening med høg kvalitet, seier kapteinen.
Han meiner elitelaget må fokusere på å utvikle seg som lag. Derfor har dei ikkje sett seg noko spesifikt mål for sesongen, men heller å bli litt betre for kvar trening.
– Så lenge vi klarer å spele vårt eige spel, bli betre i servemottak og ha en stabil sideout, trur eg at vi kan spele jamnt mot alle lag. Vi er eit stykke unna det enno, men det kjem til å bli betre over tid, seier landslagsspelaren.
- Les og: Belgia-proff vender heim – klar for sentral rolle i Førde
- Les og: I Polen var han på nippet til å legge opp- så fekk han høyre om Førde
– Gullkampen mellom Koll og Viking
Heimekampen mot NTNUI er den første testen på kvar Førde-mannskapet står denne sesongen. Trønderane snappa tredjeplassen i grunnserien framfor nettopp Førde sist sesong, og dei blir truleg å rekne med i toppen også i år.
Dessutan er det vanskeleg å komme utanom Viking og Koll i kampen om medaljane.
– Volda-turneringa viste at alle laga kunne vere der oppe og kjempe, så eg synest det verkar jamnt i år. Viking blir som vanleg stabile. Likevel trur eg Koll må vere seriefavorittar, seier Olimstad.