Mads Vassdal hadde tidlegare knapt vore på bana for Førde sitt elitelag. Så fekk han vite at han skulle starte den viktige semifinalen mot NTNUI i Førdehuset.

– Det kjendest heilt surrealistisk. Først vart eg glad – og så vart eg livredd, fortel Vassdal med eit stort smil etter at Førde har banka NTNUI og sikra seg ein ny cupfinale.

Og sentral i oppgjeret: 20 år gamle Mads Vassdal frå Sande. Han har vore i klubben sidan han gjekk i åttandeklasse, og endeleg fekk han starte ein kamp for elitelaget. Likevel kunne ingen sjå på han at det kokte innvendig, då kampen starta. Og han fekk raskt kontroll på nervane. I løpet at av dei to første setta var han delaktig i Førde sitt solide blokkspel, han tok fleire poeng i angrep og var god på serve.

– Men eg var nervøs, ja. Vil tru pulsen var oppe i 180 – nær makspuls. Etter at eg fekk vite laguttaket på morgontreninga, måtte eg heim og gå gjennom alt vi har gjort på trening. Men det gjekk bra, vi gjorde det vi skulle, og eg er nøgd med eigen innsats, seier midtspelaren.

Les og: Slik slepper Førde unggutane til i eliteserien

Førde var favorittar og innfridde

Førde gjekk til verket på heimebane som store favorittar, etter at den første semifinalen mot NTNUI enda 0-3 i Trondheim. Og det var nokså stor skilnad på laga også denne gongen. Heimelaget måtte vinne to sett for å sikre seg cupfinalebillett, og det var i boks allereie med 25-20 og 25-14 i dei to første setta. Blåtrøyene vann til slutt oppgjeret 3-1, og mange av dei yngre spelarane fekk sleppe til utover i kampen.

– Vi gjennomførte det vi har trent på. Blokka er vanvittig god, og spelarane er flinke til å kommunisere. I tillegg er det bra at vi får brukt heile gjengen. Vi slepper til mange av dei unge, og alle gjer ein god jobb i dag, seier trenar Frank Kalstad.

Han utdjupar:

– Ta for eksempel oppleggjar Vitor. Han spelar ein kjempekamp dei to første setta. Utover i kampen set vi inn dei andre leggjarane våre, og då legg også dei godt. Så dei unge tek tak. Det er kjekt å sjå.

Les og: Då trenaren kasta inn handkledet før storkampen, stod «dreamteam» klare

Møter erkerival i cupfinalen

Også sportsleg leiar Jan Egil Tvinde er nøgd med gjennomføringa, og han er full av lovord om dei unge spelarane – og særleg debutanten frå Sande.

– Han har vore på kvar einaste trening også i heile juleperioden, og han har jobba utruleg godt med blokkspelet vi køyrer no. Samstundes er det veldig godt gjort å takle presset det er å starte ein så viktig kamp for første gong, seier Tvinde.

Han såg Oskar Raftevold (17 p.) og Bjarne Nikolai Huus (16 p.) bli Førde sine toppscorarar i kampen. Førde er no klar for nok ein cupfinale. Motstandar er Viking, som slo Koll i den andre semifinalen.

PS: Du kan sjå heile kampstatistikken på volleyballforbundet sine nettsider her.

Mads Vassdal (t.v.) og Martin Olimstad gjer seg klare for å blokke. I bakgrunnen ventar Bjarne Niokali Huus og Oskar Sæther.