No spelar Dorthea og Eirik for kvart sitt Førde-lag i eliteserien.

– Du kan vel seie at eg fekk han med meg heim, sidan eg ønskte å ha han her, seier Dorthea Tvinde.

Ho siktar til kjærasten Eirik Molland, som i år har fått mykje speletid for Førde sitt herrelag i Mizunoligaen. Tidlegare i haust vart han og cupmeister med Førde. Då Tvinde skulle heim til Førde, vart Molland med «på lasset».

– Eg visste jo og at Førde Volleyballklubb har gjort ein god jobb med andre unge spelarar som ønskjer å utvikle seg, understrekar Tvinde.

Vart freista av sjansane for å utvikle seg i Førde

Dorthea Tvinde er sjølv frå Førde, der ho har gått gradene i Førde Volleyballklubb. Ho reiste til Sand for å gå vidaregåande skule, og på ToppVolley Norge oppsto søk musikk.

– Vi møttest på TVN, der vi gjekk i same klasse. Vi byrja å vere meir saman i andre klasse, og det førte til at vi blei i lag rundt jul i 2019, seier Tvinde.

Ho held fram:

– Eg skulle ha eit friår etter TVN, og då var planen å reise heim for å spele volleyball og jobbe. Eirik blei vel litt frista av tanken på eit friår han også, og han skjønte at Førde kunne vere ein fin plass å reise til. Ting som freista var treningsmoglegheitene, treningsmiljøet og at det er gode moglegheiter til å utvikle seg her.

Eirik Molland i mottak, med Yujiro Indo bak. Foto: Halvor Molland

Har fordel av felles forståing for idretten

Berre 19 år gamle har dei no flytta saman i ei leilegheit i Førde. Dagane går med til jobb, trening og kamp. For det er krevjande å spele i eliteserien, og begge trenar seks dagar i veka – gjerne fleire gongar for dagen. I helgane er dei ofte på reisefot i samband med bortekampar rundt om i landet.

– Vi jobbar begge som lærarvikar ved kvar vår barneskule. Det passar oss heilt perfekt, for det er lett å få tid til trening før og etter arbeidstid, seier Tvinde til Firda.

– Det er fint å vere kjærastar og spele i eliteserien, sjølv om det ikkje er noko vi tenkjer så mykje over. Men det er fint å kunne snakke om volleyball som begge kan forstå og relatere til, seier dei begge.

I helga kan dei heie på kvarandre

Til helga skal paret spele kvar sin heimekamp i eliteserien mot Tromsø. Det blir ein tøff kamp for dei begge. Samstundes er det ein sjanse til å kunne heie på den andre i kamp.

Begge har ambisjonane med volleyballen klare.

– Eg vil bli ein meir etablert spelar i eliteserien. Og eg ønskjer å ta ein større rolle i laget no etter at Martin har reist, seier Molland.

– Mine ambisjonar framover er å skape tryggleik i laget, men også utvikle meg sjølv til å bli ein meir erfaren oppleggjar, seier Dorthea Tvinde.

Dorthea Tvinde og damelaget jublar for poeng. Foto: Einar Juliebø