Fem år etter at han kom til Førde for å gå på folkehøgskule, har Oskar Raftevold tatt steget ut i Europa.

– Det er vel ikkje heilt standard, nei. Men det tok av då eg først byrja skikkeleg, gliser 25-åringen.

Det er no klart at nok ein spelar reiser frå Førde Volleyballklubb for å bli proff i utlandet. Oskar Raftevold sette seg sist tysdag i bilen med retning Bergen. Dagen etter sat han på flyet til Polen, der han no har skrive kontrakt med IBB Polonia.

Den polske proffklubben held vanlegvis til i London, der laget spelar kampane sine i den engelske ligaen. Raftevold har fått ein korttidskontrakt, som inneber at han skal spele for polakkane så lenge dei er med i europacupen denne sesongen. Så snart klubben får innreiseløyve, flyttar spelarane seg til London.

– Det er eit litt spesielt opplegg. Om vi ryk ut av CEV-cupen, står eg fritt til å reise heim att, seier Raftevold.

Fekk blod på tann som 20-åring

Raftevold starta først med volleyball då han var 14 år. Som 16-åring tok han førsteklasse på vidaregåande skule ved ToppVolley Norge. Så gjekk turen til Firda vidaregåande, der det vart heller dårleg med volleyballsatsing.

– Planen var å berre kose meg i 2. divisjon. Men så byrja eg på Sunnfjord folkehøgskule i Førde, og der var det ein gjeng som fann ut at vi ville bli best mogleg. Plutseleg fekk eg blod på tann, fortel Raftevold.

Han vart invitert på trening med Førde Volleyballklubb, og etter nokre veker med elitelaget fekk han tilbod om å vere med og spele for laget. Han bestemte seg til slutt for å takke ja. Raftevold var då 20 år – og han var i gang med satsinga.

– Først satsa eg litt, så skulle eg ikkje satse – og så small det skikkeleg, ler han.

Må tenke litt på seg sjølv

Fem år seinare har Raftevold blitt ein nøkkelspelar på Førde. Han har vunne det som er mogleg å vinne i norsk volleyball, sist med cupfinalen no i haust. No reiser han frå laget, som nyleg og måtte sjå kaptein Martin Olimstad sette kursen for proffspel i Europa.

– Eg har blitt veldig glad i den gjengen eg reiser frå, så det er tungt å gjere det, men no må eg tenke litt på meg sjølv og, seier diagonalspelaren.

– Det er ein draum for meg å få spele i utlandet. Eg synest det er heilt rått, legg han til.

(Les meir under biletet)

Oskar Raftevold og Førde sitt elitelag for herrar. Foto: Halvor Molland

Vil vere med og heve landslaget

Heile laget frå fjoråret er no vekke. Men Raftevold trur “nye Førde” kjem til å overraske mange denne sesongen. For det er framleis mykje energi og mange gode spelarar på Førde. Dessutan er det ikkje mange som no veit korleis Førde spelar – eller korleis dei skal stoppe unggutane.

Sjølv håpar han at proffspel i CEV-cupen kan vere eit springbrett til nye kontraktar i Europa.

– Eg har lyst til å vere med og heve det norske landslaget. Då må vi spelarane bryne oss på nivået i Europa, seier han.

– Kva med at Førde no har mista bussjåføren til bortekampane?

– Ja, det er jo eit problem. Men han kjem tilbake – han veit berre ikkje når, seier Oskar Raftevold.