Dei fleste av profilane som tok Førde til cupfinalen, er borte. Likevel har spelarane tru på at det er mogleg å slå Viking i finalen.

– Eg trur vi har ein sjanse til å slå dei, men eg vil ikkje akkurat seie at det er vi som er favorittar. Vi har mista nesten alle spelarane som var på bana og tok oss til finalen – inkludert Sverre som no spelar for Viking. Likevel trur eg at Førde sitt unge lag kjem til å bite godt frå seg, seier Martin Olimstad.

Les og: I cupfinalen kan Sverre møte Førde – som han spelte dit

Fem sentrale spelarar er borte

Olimstad er saman med Oskar Raftevold den einaste som er igjen frå førsteseksaren til Førde i vår. Spelarar som Bjarne Nikolai Huus, Vitor Macedo, Eirik Åsmul, Oskar Sæter og nemnde Sverre Grønnevik Flåskjer har reist frå klubben. Dermed stiller Førde med eit ungt og urutinert mannskap i cupfinalen. Til gjengjeld er dei svoltne og godt førebudde.

– Vi ligg bra an, etter at vi har hatt nokre gode treningsveker med alle mann til stades. Sjølvsagt skulle vi ha fått spelt litt fleire kampar, men sånn er det jo berre, seier Olimstad.

Sjølv har han halde nivået oppe, mellom anna med å spele EM-kvalifisering saman med det norske landslaget. Det har og Oskar Raftevold gjort. Resten av laget har dessutan komme i gang med oppkøyringa langt tidlegare enn elles.

NYE FJES: Yujiro Indo (i mottak) og Eirik Molland er nye Førde-spelarar. I bakgrunnen står Simon Klopstad.

Skal bite godt frå seg

Nye spelarar i Førde-stallen er Eivind Hettervik, Yujiro Indo og Eirik Molland. Dessutan er Kristian Kjøllesdal tilbake etter nokre sesongar på Koll. Saman med Olimstad og Raftevold blir han viktig med erfaring frå toppnivå. I tillegg kjempar fleire lovande unggutar frå Førde sine eigne rekker om ein plass på laget.

Likevel må TIF Viking finne seg i å ha favorittstempelet. Dei langt på veg det same laget som før, i tillegg til at Sverre Flåskjer styrkjer dei i midten.

– Viking er nok favorittar. Men vi skal bite godt frå oss, seier leiar Jan Egil Tvinde.

Slik kan du sjå finalen

På grunn av pandemien og omsyn til smittefare, legg ikkje Førde opp til noko fellesopplegg for dei som vil reise til cupfinalen denne gongen. Det er likevel fullt mogleg å ta turen og vere “den sjuande mann” på tribunen, men då må du bestille billettar og organisere turen sjølv.

Herrefinalen er mellom Førde og Viking, og blir spelt på Norges Idrettshøyskole laurdag 11. september klokka 15.00.

Det kan vere inntil 1000 personar til stades på kampen, så lenge tilskodarane sit på tilviste plassar og kan vise fram eit grønt koronasertifikat ved inngangen.

Kristian Kjøllesdal og August Kalstad

TILBAKE: Kristian Kjøllesdal (t.v.) er tilbake i blått. Her er han i duell med August Kalstad.