– Vitor har hjelpt meg mykje. Han har nesten vore ein mentor for meg, så det blir spesielt å komme til Førde etter han, seier Eivind Hettervik.

21-åringen frå Hinna er henta inn som ny oppleggjar på elitelaget til Førde, etter at Vitor Macedo bestemte seg for å reise til Tromsø kommande sesong. Den same Macedo hjelpte for eit par år sidan ungguten med å få til ein avtale med eit collegelag i Canada, der han sjølv hadde gått på skule nokre år i førevegen. Sidan har dei halde kontakten. Og no skal Hettervik gå i fotspora til brasilianaren.

– Eg har spelt mykje med og mot Vitor, så eg veit godt kva han står for. Men eg skal ikkje etterlikne han. Eg må vere meg sjølv, seier rogalendingen.

Skal ha to gode oppleggjarar

Eivind Hettervik spelte opphaveleg for Hinna Volleyball, før han starta på ToppVolley Norge i 2017. Sidan har han spelt for Randaberg, så eitt år for Camosun Chargers i Canada, før han igjen spelte for Randaberg sist sesong. No blir han ein av to oppleggjarar på Førde.

– Eivind blir ein god utfordrar til August Kalstad på oppleggjarplassen. Vi har i fleire sesongar hatt suksess grunna minst to gode oppleggjarar i troppen, som gjennom sesongen trenar godt for å gjere laget best mogleg. Ønskesituasjonen vår er å ha to jamgode oppleggjarar framfor å ha éin førsteoppleggjar, seier leiar Jan Egil Tvinde.

Ville til den beste plassen i landet

Sjølv har Hettervik lenge høyrt mykje bra om den nye klubben sin. Han var nær ein overgang også i fjor, men då passa det ikkje heilt. Når han no kjem til Førde, er planen å kombinere volleyballen med å jobbe som lærar.

– I mine auge er Førde den klubben i Noreg som dei siste åra har hatt den beste kulturen og systemet. Så eg kjem til den beste volleyballplassen i landet, meiner oppleggjaren.

Han har tidlegare tatt fleire NM-medaljar i junior-samanheng, og han spelte både cupfinale og sluttspelsfinale med Randaberg i 2019. Begge gongane enda det med tap – nettopp mot Førde. Til hausten kan han kanskje få revansj – no med Førde, som skal spele cupfinale mot Viking.

– Det hadde vore fantastisk moro. Eg gler meg veldig til den kampen, seier Hettervik.

Fleire spelarar reiser frå klubben

Mykje tyder på at det blir ein del utskftingar på Førde framfor den kommande sesongen. På oppleggjarplassen reiser både Vitor Macedo og Mads Søreng.

– Det knyter seg framleis spenning til korleis troppen vert sjåande ut frå hausten, men vi har allereie mange nok spelarar av god kvalitet til å seie at vi også neste sesong stiller eit ungt, godt lag i Mizunoligaen, seier Jan Egil Tvinde.

Han held fram:

– Dessverre forsvinn fleire av spelarane frå sist sesong, og heldigvis får vi påfyll av unge og lovande som kjem til Førde VBK for å utvikle seg vidare som volleyballspelarar.