Snakk om rask debut i toppvolleyballen!

– Eg hadde ikkje forventa noko i nærleiken av det, så det er jo heilt sjukt, seier Katrine Austevoll.

Det er ikkje mange månadane sidan bergensaren kom til Førde for å studere sjukepleie. 20-åringen hadde lyst til å ha noko å gjere på utanfor studia, og ho sakna å drive idrett og å ha eit lag, så ho slengde seg med på trening med Førde sitt andredivisjonslag. Så gjekk ting fort. Verkeleg fort:

Austevoll trente først seks veker med andredivisjonslaget – og så har ho trent med elitelaget dei siste to-tre vekene.

I helga kom debuten i både eliteserien og NM.

– Det er nesten skremmande å debutere så raskt – men og veldig moro. Eg synest det er kjekt å få vere med, seier volleyballkometen.

Trenaren: – Ho er høg og atletisk

Debuten i eliteserien kom i laurdagens 3-0-siger heime mot Skjetten. Austevoll fekk spele det tredje settet. Søndag fekk ho og ein del speletid i NM-kampen borte mot Studentspretten. Førde vann igjen 3-0 og sikra avansement i cupen.

– Det gjekk heilt greitt. Eg kunne sikkert ha spelt betre, men eg kunne ha vore dårlegare, smiler ho.

Austevoll kjem frå Bergen, der ho i yngre alder spelte handball. På vidaregåande valde ho å gå ei linje for breiddeidrett volleyball, og ho har ikkje særleg erfaring med volleyball utover det. Ho er 186 centimeter høg og eignar seg ypparleg som midtspelar.

– Katrine er talentfull. Ho er både høg og atletisk, seier trenar Jan Egil Tvinde.

– Ho manglar sjølvsagt litt volleyballforståing, men ho har hatt stor utvikling dei vekene ho har trent med oss. Og vi er ikkje fleire enn vi må vere – særleg i NM, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

NM-SIGER: Laget som slo Studentspretten 3-0 i NM søndag.

Spelte den beste kampen til no

For Austevoll sjølv har debuten vore ein bonus, med tanke på at ho nesten tilfeldig dukka opp på trening i andredivisjon. No tar ho det litt som det kjem.

– Eg blir med på det eg får lov til. Eg synest det er veldig kjekt, seier ho.

Det er trenar Tvinde nøgd med – akkurat som han er nøgd med helga. Det vart to 3-0-sigrar på damelaget, og NM-oppgjeret mot Studentspretten var kanskje den beste kampen dei har spelt denne sesongen.

– Det var veldig kjekt. Vi gjorde nesten ikkje feil og var gode på å slå inn ballen, seier Tvinde.