Elsa Samuelsen reiste frå trygge Færøyane for å sjå kor langt ho kan komme med idretten sin. Første stoppestad er Førde.

– Først og fremst vil eg utvikle meg som volleyballspelar, og så får vi sjå kvor langt det rekk, seier 21-åringen.

Elsa Samuelsen er ein av mange nye spelarar på Førde sitt damelag i eliteserien denne sesongen. Den 186 centimeter høge færøyingen kan spele både midt og diagonal, og har allereie fått bra med speletid i sin første sesong på norske baner – der både lagvenninner, trenarar og språket er nytt og framandt.

– Eg trivst veldig godt i laget, der det er veldig kjekke jenter og trenarar. Førde er eit seriøst lag med store ambisjonar, og det likar eg å vere ein del av, seier ho.

Ville ha nye utfordringar

Elsa Samuelsen kjem frå Færøyane, nærare bestemt Hósvík, ei lita bygd på om lag 350 innbyggarar. Som 12-åring byrja ho i 2012 å spele volleyball for K.Í.F, og i 2016 kom ho på U17-landslaget. Då fekk ho og sjansen til å trene med elitelaget til K.Í.F, og snart spelte ho seg inn på laget deira.

I 2020 bytte ho klubb til konkurrenten Dráttur.

– Eg ville utfordre meg sjølv og prøve noko nytt. Men utfordringa var kanskje ikkje stor nok, for så valde eg å søkje meg til Sunnfjord folkehøgskule, seier Samuelsen.

PÅ PLASS: Elsa Samuelsen (midten) har funne seg godt til rette saman med lagvenninnene på Førde sitt elitelag. Foto: Andreas Kristoffer Berge, kvinneidrett.no

Kan vente seg meir speletid

I Førde er planen er å bli ein betre volleyballspelar. Ho hadde eit håp om å få vere med og trene med elitelaget – no har ho allereie spelt bra med kampar.

– Ho har allereie spelt svært mykje, noko vi og kan vente oss framover, seier trenar Jan Egil Tvinde.

– Elsa er eit fysisk talent ved at ho er høg og sterk. Ho har hatt god utvikling etter at ho kom til Førde, både med speleforståing og spenst. Ho er ei som alltid smiler, og det er veldig kjekt å ha slike i laget, seier han.

Trur på gode resultat i helga

Til helga spelar Førde-damene to kampar. Laurdag ventar Skjetten på heimebane i Mizunoligaen, før det er innleiande NM-kamp mot Studentspretten i Sogndal på søndag. Førde slo Skjetten 0-3 då laga møttest på Austlandet tidlegare i haust, og Samuelsen trur på ei god helg.

– Eg trur det kjem til å gå bra. Mot Skjetten blir det ein kamp med mykje bra spel og god innsats frå alle, og då trur eg sjølvsagt at vi kan ta ein 3-0-siger, seier ho.

– Korleis trur du det går med laget denne sesongen?

– Eg trur laget kjem til å overraske. Vi er veldig unge, men det er stort potensial i dette laget, seier Samuelsen.